Lyngør fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyngør fyrstasjon

Lyngør fyr
Foto: Petter Ulleland
FylkeAgder
KommuneTvedestrand
FunksjonKystfyr
Oppretta1879
Koordinatar58°38.0689′N 9°9.3178′EKoordinatar: 58°38.0689′N 9°9.3178′E
Fyrtårn
Høgd16,9
FormFyrbygning med tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterLysglimt vart 60. sek.
Lyshøgd21,3 moh.
Lysvidde14,0 nm
Status
EigarStaten
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Lyngør fyrstasjon
58°38′9″ N 9°8′54″ E

Lyngør fyrstasjon er eit fyr på ei lita øy, Kjeholmen, utanfor Tvedestrand i Agder, i nærleiken av Lyngør. Fyrbygningen er i betong med fyrtårnet bygd inntil gavlen (tverrveggen) ut mot havet.

Lyngør fyrstasjon is located in Aust-Agder
Plasseringa til Lyngør fyrstasjon

Fyret har 3. orden linseapparat med ei lysvidde på 12,0 nautiske mil. Fyret kom i drift i 1879, samstundes med Homborsund fyrstasjon. I 1946 vart fyrbygningen utvida med eit maskinhus med generatorar og luftkompressorar for tåkelur, og det vart bygd bustad med uthus for fyrassistentar. Lyngør fyrstasjon er difor eit godt døme på ein fyrstasjon der fleire familiar hadde tilhald.

Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 2004. Tåkesignalet, ein diafon, er teke vare på, men trykktankane er fjerna, så signalet vert ikkje lenger nytta.

Fyret er eit tidleg døme på betongbygging i landet. Fleire av dei opphavlege installasjonane er intakte: fyrbygningen med bustad, maskinhus, ny og gamal oljebu, bustad for fyrassistent, uthus, tuft etter ei smie, vegar, landing i betong med to naust og ei oljekai. Fyrstasjonen ligg i nærleiken av dei verneverdige bygningane på Lyngør, og er freda etter lov om kulturminne som ein del av landskapet og bygningane på Lyngør.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt ved Lyngør fyrstasjon med synopnummer 1467. Han står 4 meter over havet og har vore i drift sidan februar 1947.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) -0,8 -1,2 1,2 4,8 10,1 14,5 16,2 15,8 12,6 9,0 4,3 1,2 7,3
Nedbør (mm) 73 45 57 43 64 50 71 91 94 118 97 66 869

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]