Grønningen fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grønningen fyrstasjon
Groenningen Fyr.jpg
FylkeVest-Agder
KommuneKristiansand
FunksjonInnseglingsfyr
Oppretta1878
Koordinatar58°04.8826′N 8°5.2730′EKoordinatar: 58°04.8826′N 8°5.2730′E
Fyrtårn
Høgd14,0
FormFyrbygning med tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
Lyskarakter2 glimt kvart 10. sekund
Lyshøgd18,8 moh
Lysvidde12,1 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1980
Avfolka1980
VernestatusFreda etter lov om kulturminne

Grønningen fyrstasjon er eit fyr som markerer det austlege rundingspuntket ved innseglinga til Kristiansandsfjorden og Kristiansand.

Grønningen fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Grønningen fyrstasjon

Fyrbygningen ligg fem meter over havet og er bygd i betong. Tårnet er 14 meter høgt. Fyret på Grønningen vart tent 1. september 1878. Det andre fyret som markerer innseglinga til Kristiansand, Oksøy, ligg 2,2 km mot vest.

Saman med Oksøy fyr og Odderøya fyrstasjon dannar Grønningen ei samanhengande kjede av navigasjonshjelpemidlar for skip som skal inn i fjorden og Vesterhavnen.

Fyret og fyrbygningen er kvitmalt. Gavlen på fyrbygningen utgjer den fjerde veggen i fyrtårnet. Fyrstasjonen omfatter òg fyrbetjentbustad med maskinrom samt uthus og to naust. I tillegg har Grønningen kaianlegg med molo. Anlegget er stort sett som det var då det vart bygd og bygningane er godt bevart.

Fyrstasjonen var bemanna fram til 1980 då fyret vart automatisert. Anlegget vart freda etter lov om kulturminne i 1994.

Næraste hamn på fastlandet er Kongshavn i Randesund.

Fyret vert i dag drifta av Bragdøya kystlag og er open for ålmenta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]