Stefan Kuntz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefan Kuntz
2018-04-23 ARD Stefan Kuntz-7041.jpg
Stefan Kuntz i 2018
Personleg informasjon
Fullt namn Stefan Kuntz
Fødselsdato 30. oktober 1962 (56 år)
Fødestad Neunkirchen, Vest-Tyskland
Høgd 180 cm (5 ft 11 in)
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tyskland U-21 (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980-1983 Borussia Neunkirchen 89 (20)
1983-1986 Bochum 100 (41)
1986-1989 Bayer Uerdingen 94 (32)
1989-1995 Kaiserslautern 170 (75)
1995-1996 Beşiktaş 30 (9)
1996-1998 Arminia Bielefeld 65 (26)
1998-1999 Bochum 20 (6)
2002-2003 SV Furpach 22 (22)
2003-2004 FC Palatia Limbach 10 (1)
Totalt 600 (239)
Landslag
1993-1997 Tyskland 7 (25)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Stefan Kuntz (fødd 30. oktober 1962) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Neunkirchen i Saarland som vart europameister med Tyskland i 1996. Angrepsspelaren var med vinne både ein cuppokal og ein ligameisterpokal med FC Kaiserslautern.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kuntz fekk proffkontrakt med VfL Bochum i 1983 og spelte for klubben til 1986, då han vart toppskårar i bundesligaen. Dei neste tre sesongane gjorde han teneste i Bayer Ürdingen. Sommaren 1989 vart han overført til FC Kaiserslautern. I mai 1990 skåra han det tredje målet då Kaiserslautern på Olympiastadion i Berlin vann den vesttyske cupfinalen med 3-2 over Werder Bremen. Året etter var han ein sentral spelar då laget hans vann bundesligaen, han vart då også kåra til årets spelar i Tyskland. Sesongen 1993/94 var Kuntz toppskårar i den tyske serien for andre gong. Perioden 1995-99 var Kuntz aktiv ein sesong i tyrkiske Beşiktaş, to sesongar i Arminia Bielefeld, før han i 1998/99 avslutta profflivet der han byrja, i VfL Bochum.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Fyrst 31 år gammal fekk Kuntz sin debut på det tyske landslaget, han skåra då det andre målet i ein landskamp mot USA i Palo Alto, ein kamp der Tyskland sigra 3-0. Han var med i VM-troppa 1994, ein meisterskap han måtte nøye seg med å vere innbytar i ein kamp. Under Fotball-EM 1996 i England var han med i alle kampane. I semifinalen mot vertslandet utlikna han til 1-1, noko som også var stillinga etter ekstraomgangane. Han skåra også på si straffe då Tyskland vann straffeskytinga. Kuntz spelte heile EM-finalen mot Tsjekkia, ein kamp som innbytaren Oliver Bierhoff avgjorde på «golden goal». Fram til oktober 1997 deltok Kuntz i 25 landskampar og skåra seks mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 for Tyskland
  • Vesttysk cupmeister: 1990 med FC Kaiserslautern
  • Tysk seriemeister: 1991 med FC Kaiserslautern

Kjelder[endre | endre wikiteksten]