Andreas Köpke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Köpke
20180602 FIFA Friendly Match Austria vs. Germany Andreas Köpke 850 0604.jpg
Andreas Köpke i 2018
Personleg informasjon
Fullt namn Andreas Köpke
Fødselsdato 12. mars 1962 (57 år)
Fødestad Kiel i Vest-Tyskland
Høgd 182 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1979-1983 Hertha Berlin 72 (0)
1983-1984 SC Charlottenburg 38 (0)
1984-1986 Hertha Berlin 71 (0)
1986-1994 Nürnberg 235 (2)
1994-1996 Eintracht Frankfurt 66 (0)
1996-1999 Marseille 64 (0)
1999-2001 Nürnberg 74 (0)
Totalt 620 (2)
Landslag
1990-1998 Tyskland 59 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andreas Köpke (fødd 12. mars 1962 i Kiel) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Kiel. Målvakta vart europameister med Tyskland under EM i fotball 1996. Gjennom to periodar spelte han i til saman ti sesongar på FC Nürnberg.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1979 spelte Köpke fire sesongar på Holstein Kiel, deretter ein sesong på Charlottenburg og to sesongar i Hertha Berlin. Sommaren 1986 vart han overført til FC Nürnberg, og vart der verande i åtte år. Sidan var han sisteskanse 1994-96 i Eintracht Frankfurt og Olympique Marseille-spelar 1996-99. Til sist vakta han atter Nürnberg-målet i to år, før han la opp i 2001, 39 år gammal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Köpke fekk sin landslagsdebut våren 1990. Han var med i troppa til fotball-VM 1990 i Italia, utan å kome i aksjon på bana, ettersom Bodo Illgner spelte alle kampane. Både ved EM i fotball 1992 og VM 1994 var Illgner fast mellom stengene i det tyske målburet, og Köpke plassert på benken. Etter den sistnemnde meisterskapen vart Köpke det vanlege fyrstevalet i tida fram til 1998. Under fotball-EM 1996 stod han samtlege seks kampar i turneringa, og stoppa Gareth Southgate si straffe då Tyskland slo ut arrangørlandet England og gjekk vidare frå semifinalen etter straffeskyting. Meisterskapen enda med tysk triumf etter 2-1 mot Tsjekkia i finalen. Også i VM i fotball 1998 spelte han alle Tysklands kampar, ei turnering som enda med at laget vart slått ut i kvartfinalen. Oppgjeret vart samstundes den 59. og siste landskampen til Köpke.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 med Tyskland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]