Thomas Strunz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Strunz
UEFA TT 7896.jpg
 Thomas Strunz i 2010
Personleg informasjon
Fødselsdato 25. april 1968 (51 år)
Fødestad Duisburg i Tyskland
Høgd 184 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986-1989 Duisburg 94 (30)
1989-1992 Bayern München 59 (12)
1992-1995 Stuttgart 79 (9)
1995-2000 Bayern München 97 (11)
Totalt 329  (62)
Landslag
1990-1999 Tyskland 41 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Thomas Strunz (fødd 25. april 1968) er ein tidlegare fotballspelar frå Duisburg i Tyskland som vart europameister i 1996. Med Bayern München vann han som defensiv midtbanespelar både UEFA-cupen, bundesligaen og den nasjonale cupmeisterskapen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Strunz spelte på MSV Duisburg frå 1986 til -89. Han fekk sin debut i den vesttyske toppserien bundesligaen den 31. august 1989 med Bayern München, ein klubb han gjorde teneste i fram til 1992. Der etter var han VfB Stuttgart-spelar i tre sesongar til han sommaren 1995 på ny fekk kontrakt med Bayern München. Her var han dei neste fem åra med på vinne UEFA-cupen i 1996 og sidan tre bundesliga-titlar, så vel som den tyske cupmeisterskapen ved to høve. Ved utgangen av år 2000 vart han vraka frå Bayern-troppa og la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Strunz debuterte på Tyskland sitt landslag i oktober 1990, men det var fyrst i 1993 han byrja etablere seg i landslaget. Han deltok i tre av kampane under verdsmeisterskapen 1994 i USA og skåra sitt einaste landslagsmål då Tyskland tapte 2-3 mot Bulgaria i ein EM-kvalifiseringskamp i Sofia den 7. juni 1995. Strunz spelte fem av dei seks kampane til Tyskland under Fotball-EM 1996, mellom dei heile finalen mot Tsjekkia, ein kamp som enda med tysk triumf på «golden goal». Sidan hausten 1996 var han ute av landslaget i to år og kom ikkje med i VM-troppa 1998. Derimot deltok han over ein 10-månaders periode i sju landskampar, til dess han vart bytta ut i ein EM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland i september 1999. I alt opptredde han 41 gongar i landslagsdrakta.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 for Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
  • Vesttysk/tysk seriemeister: 1990, 1997, 1999 og 2000 med Bayern München
  • Tysk cupmeister (DFB-pokal): 1998 og 2000 med Bayern München

Kjelder[endre | endre wikiteksten]