Steve Gregory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Gregory
Fødd1945 (79 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
InstrumentSaksofon, fløyte
Tilknytte artistarDennis Bovell Dub Band, Linton Kwesi Johnson
Verka somjazzmusikar, komponist, saksofonist

Steve Gregory (fødd i 1945) er ein engelsk jazzsaksofonist og komponist. Han speler tenor-, alt-, sopran- og barytonsaksofon, i tillegg til fløyte.

Han byrja karrieren i The Alan Price Set og vart mykje nytta som studiomusikar, og arbeidde for folk som Screamin' Jay Hawkins, Fleetwood Mac og andre. I lag med Bud Beadle spelte han saksofon på «Honky Tonk Women» for The Rolling Stones i 1969. Han spelte òg med Georgie Fame og Geno Washington, Ginger Baker's Air Force, Gonzalez, Linda Lewis, Boney M. og Rocky Sharpe and The Replays. Han var ei stund i Nigeria og spelte med Fela Kuti i hans Africa Shrine.

I 1980-åra vart Gregory frilansar og spelte saksfonlinja på George Michael-hitten «Careless Whisper»,[1] og arbeidde med artistar som Bryn Haworth, Chris Rea, Alison Moyet, Freddie King, Maxi Priest, China Crisis, Queen (solo på «One Year of Love») og Amazulu. Han var òg medlem av The Animals på turneen deira i 1983-1984.

I 1990-åra spelte Gregory med Wet Wet Wet, Van Morrison, før han vart med i Dennis Bovell Dub Band og turnerte verda over med Linton Kwesi Johnson. Han gav ut det første soloalbumet sitt, Bushfire, på LKJ Records med Georgie Fame og John Deacon frå Queen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bushfire, (1994) LKJ Records: LKJ CD 011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellis, Lucy & Sutherland, Bryony (1998) The Complete Guide to the Music of George Michael, Omnibus Press, ISBN 978-0-7119-6822-6, s. 25