Hopp til innhald

Storløpegauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storløpegauk
Storløpegauk
Storløpegauk
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Storløpegauk
Utbreiinga av Storløpegauk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Gaukefuglar Cuculiformes
Familie: Gaukefamilien Cuculidae
Slekt: Geococcyx
Art: Storløpegauk G. californianus
Vitskapleg namn
Geococcyx californianus

Storløpegauk (Geococcyx californianus) er ein langbeint fugl i gaukefamilien, Cuculidae. Dette er ein 50-60 cm lang fugleart som finst i tørre område så vel som varierte habitat i store delar av Mexico og i sørvestlege USA. Denne opportunistiske, bakkelevande gaukefuglen jaktar på ulike dyr, inkludert slangar, øgler, edderkoppar, skorpionar, insekt, fuglar, gnagarar og flaggermus. Han er kjend for å banke byttet sitt mot ei hard overflate før han et det, og i periodar med ekstrem matmangel kan han ty til å ete sine eigne ungar.

Fuglen blir identifisert av den store storleiken sin, slanke kroppsform, lange hale og karakteristiske spor etter zygodaktyl-føtter. Hannen er litt større enn hoa, og kjønna har same fjørdrakt. Storløpegauk er ein standfugl i halvtørre og opne område, ofte assosiert med buskvegetasjon. Han søkjer føde på bakken. Sesongvariasjonar i kosthaldet inkluderer ein preferanse for insekt om sommaren og småfuglar, frukt og frø om vinteren.

Desse fuglane dannar monogame par og forsvarer eit stort territorium. Oppvisinga under paringsspel involverer intrikate åtferder, og både hannen og hoa deler ansvaret for å ruge egg og ta vare på avkommet. Trass i historisk forfølging av bønder og jegerar, syner ikkje populasjonen av storløpegauken teikn til nedgang og arten held fram med å utvide utbreiingsområdet sitt. Fuglen viser ulike tilpassingar til tørre omgjevnader, inkludert mekanismar for bortleiing av varme, strategiar for vassbevaring og energisparande åtferd. Han er kjend for å redusere aktiviteten på dagtid og senke kjernetemperaturen om natta for å spare energi. Storløpegauken kan utnytte fukt frå føda, men han vil drikke når vatn er lett tilgjengeleg.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglar er omtrent 54 cm lang og veg i gjennomsnitt 320 gram, hoer er mindre og typisk under 0,3 kg. Storløpegauken er rundt 25–30 cm høg og er den største gaukefuglen i Amerika.[2] Overkroppen er for det meste brun med svarte striper og nokre gonger rosa flekker. Halsen og øvre bryst er kvite eller bleikbrune med mørkebrune striper, og buken er kvit. Ein kam av brune fjører stikk opp på hovudet, og ein naken flekk bak auget har oransje og blå hud med varierenda kvitt avhengig av kjønn og alder. Hannar og hoer har identisk fjørdrakt. Det lange kraftige nebbet er gråbrunt og har ein kroka tupp. Beina er kraftige, storløpegaukar har fire tær på kvar fot, to vendt framover, og to bakover. Føtene set derfor eit X-forma spor på bakken.[1]

Storløpegauk som går i Mojave-ørkenen, California

Vokaliseringane til storløpegauken har sju ulike variantar. Det mest vanlege ropet er ein sakte og søkkande sekvens med omtrent seks låge, «sløra» tonar, som blir sende ut av hannen og som høyrest over avstand på 250 m. Ein annan variant som hofuglar er åleine om er «bjeffing», korte, lågfrekvente tonar, og kan bli høyrd 300 unna.

Storløpegaukar kan halde oppe ei fart på over 30 km/t over lange avstandar. Dette er den raskaste løpefarta klokka for ein medlem av ordenen sporvefuglar.[treng kjelde] Medan han spring, plasserer han hovudet og halen parallelt med bakken og bruker halen som ror for å endre retning. Den føretrekkjer å springe i opne område, som på vegar, harde stiar og tørre elveleie framfor tett vegetasjon. Nokre gongar tar dei til flukt, men flyg sjeldan meir enn korte avstandar på få meter.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Storløpegauk lever over heile «det tørre Amerika», økoregionen aridoamerica, frå det midtre Mexico i sør nordover til i det sørvestlege USA inkludert heile delstaten Texas, sørlege halvleiken av California og så langt nordaust som inn i Missouri. I Mexico er han også utbreidd over heile Californiahalvøya.

Storløpegauk finst frå 61 m under havnivå til 2300 moh., men sjeldan over 3000 m. Han lever i tørre og halvtørre krattområde, med spreidd vegetasjon, vanlegvis mindre enn 50 % dekt, med ei høgd som ikkje overstig 3 m.[1]

Termoregulering[endre | endre wikiteksten]

Ein storløpegauk som solar seg

Storløpegaukar syner ulike biologiske og åtferdsmessige tilpassingar av termoregulering for å redusere dehydrering og overoppheting. I den varme årstida er han aktive for det meste frå soloppgang til midt på formiddagen, og sein ettermiddag til kveld. Han kviler i skuggen på den varmaste delen av dagen.[3] Kroppsvatn kan haldast tilbake via væskereabsorpsjon. Aktive saltkjertlar eliminerer overflødige kroppssaltar.[4][5]

Storløpegauken reduserer overflødig varme ved danning av vassdamp, frigjort ved pust eller gjennom huda.[6] Nokre gonger pesar han i sterk varme for å akselerere denne handlinga. Om natta reduserer det energiforbruket med meir enn 30 prosent, og senkar kroppstemperaturen frå 40 til 34 °C.[7] Om morgonen akselererer han varmegjenvinninga ved å sole seg.[8] Om vinteren søkjer han tilflukta i tett vegetasjon eller blant steinar for å ly for kalde vindar.[1]

Storløpegauk solar seg ofte for å få varmen. Med vengene frå kvarandre, skakar gauken dei svarte fjørene på ryggen og hovudet, og avslører den svarte huda, slik at både hud og fjør kan absorbere varmen frå strålane til sola.[8] Tidleg om morgonen kan han halde seg i denne stillinga i to eller tre timar. Om vinteren, når temperaturen er rundt 20 °C, kan gaukane varme seg i sola fleire gonger i løpet av dagen i meir enn ein halvtime om gongen.[1]

I folketrua[endre | endre wikiteksten]

Folketru og mytar blant hopi og pueblofolk assosierte denne fuglen med overnaturlege evner. Nokre menneske meinte storløpegauken gav vern mot vonde ånder. I Mexico sa nokon at kjøttet av storløpegauk hadde positive verknader, mellom anna kurerte det kløe. Gauken bringer med seg babyar, slik ein seier om storken i Europa. Tidlege folk i leveområdet til arten trudde at storløpegaukar kunne leie villfarne menneske tilbake på stiar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Hughes, J. (2020) Greater Roadrunner (Geococcyx californianus) i Birds of the World
  2. «Cuckoos, Anis, and Roadrunners: Cuculiformes». Encyclopedia.com. Henta 11. november 2023. 
  3. Calder, WA (1967). Cooper Ornithological Society, red. «The Diurnal Activity of the Roadrunner, Geococcyx californianus» (PDF). The Condor (på engelsk) 70: 84–85. 
  4. RD Ohmart; TE Chapman; LZ McFarland (1972). Pergamon Press, red. «Physiological and ecological observations concerning the salt-secreting nasal glands of the Roadrunner». Comparative Biochemistry and Physiology (på engelsk) 43A: 311–316. doi:10.1016/0300-9629(72)90189-2. 
  5. Irby J. Lovette, John W. Fitzpatrick (red) Handbook of Bird Biology (Cornell Lab of Ornithology) 3rd Edition, s. 221, Wiley-Blackwell, September 2016 ISBN 978-1118291054
  6. Robert C. Lasiewski; Marvin H. Bernstein; Robert D. Ohmart (1968). Cooper Ornithological Society, red. «Cutaneous Water Loss in the Roadrunner and Poor-Will» (PDF). The Condor (på engelsk) 73: 470–472. 
  7. Vehrencamp, Sandra L. (1982). Cooper Ornithological Society, red. «Body Temperatures of Incubating versus Non-Incubating Roadrunners» (PDF). The Condor 84: 203–207. 
  8. 8,0 8,1 Ohmart, Robert D. and Robert C. Lasiewski (1971). American Association for the Advancement of Science, red. «Roadrunners: Energy Conservation by Hypothermia and Absorption of Sunlight». Science (på engelsk) 172 (3978): 67–69. Bibcode:1971Sci...172...67O. PMID 5546286. doi:10.1126/science.172.3978.67. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Storløpegauk