Ulf Erik Knudsen
Utsjånad
| Ulf Erik Knudsen | |||
| | |||
| Fødd | 20. desember 1964 (61 år) Drammen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Religion | kristendom | ||
| Yrke | politikar | ||
| Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
| Medlem | Europabevegelsen i Noreg | ||
| Alle verv |
| ||
Ulf Erik Knudsen (fødd 20. desember 1964 i Drammen) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 1997.
Knudsen er den kulturpolitiske talsmannen til partiet. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt 1986-1989, og har mellom anna arbeidd i reklamebyrå, som journalist i Morgenbladet 1989-93, og som konsulent i Aetat 1994-97.
Han var medlem av Drammen bystyre 1987-99 og 2003-2011, og formannskapsmedlem 1995-99. Han var varamedlem i Buskerud fylkesting 1987-1991, og fylkesleiar i Framstegspartiet i Buskerud 1995-98 og frå 2007.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen.
- 2005–2009 medlem av Familie- og kulturkomiteen.
- 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen.
- 1997–2001 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.