Subotica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Subotica
Hovudplassen i Subotica
Hovudplassen i Subotica
Flagget til Subotica Byvåpenet til Subotica
Flagget til Subotica Byvåpenet til Subotica


Plassering
Subotica is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Nord-Bačka
Borgarmeister Saša Vučinić
Geografi
Flatevidd
 - By

1 008 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

148 401
  147,2 /km²
99 981
Koordinatar 46°05′0″N 19°39′0″EKoordinatar: 46°05′0″N 19°39′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 24000
Retningsnummer (tlf) (+381) 24
Bilnummer SU
Nettstad: www.subotica.rs

Subotica (serbisk Суботица; ungarsk Szabadka) er ein by og kommune nord i Serbia i den sjøvstyrte provinsen Vojvodina. Han ligg om lag 10 km frå grensa til Ungarn.

Subotica er i dag den nest største byen i Vojvodina etter Novi Sad med om lag 100 000 innbyggjarar. Det gjer han til den femte største byen i Serbia. Kommunen har nær 150 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Nord-Bačka.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Subotica har vorte skriven på neste 200 måtar gjennom historia fordi så mange forskjellige folkeslag har halde til i byen sidan mellomalderen. Første gong byen var nemnd i skriftlege kjelder var i 1391, då som Zabadka. Dette er ein variant av det noverande ungarske namnet på byen, Szabadka. Den noverande stavinga dukka første gong opp i 1679. Byen fekk nytt namn i 1740-åra til ære for Maria Tereisa av Austerrike, erkehertuginne og dronning av Böhmen og Ungarn. Byen heitte då Szent-Maria, men skifta namn til Maria-Theresiapolis i 1779. Namnet vart i 1811 endra tilbake til Subotica.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen og Det osmanske riket[endre | endre wikiteksten]

Subotica vart truleg først ein busetnad då folk frå nærliggande landsbyar øydelagd av tatarinvasjonane flytta hit i 1241-1242. Då Zabadka først vart nemnd i 1391 var Subotica ein liten by i Kongedømet Ungarn. Seinare høyrte byen til familien Hunyadi, ein av dei viktigaste aristokratiske familiane i Mellom-Europa på denne tida.

Kong Matthias Corvinus av Ungarn gav byen til ein av slektningane sine, János Pongrác Dengelegi, som frykta ein invasjon frå Det osmanske riket og bygde festningsverk rundt borga i Subotica i 1470. Nokre tiår seinare, etter slaget ved Mohács i 1526, kollapsa kongedømet Ungarn og Subtocia vart gradvis ein grenseby i Det osmanske riket. Dei fleste ungarane i byen flykta nordover til «Det kongelege Ungarn». Bálint Török, ein lokal adelsmann som hadde styrt Subotica, flykta òg frå byen.

I den særs forvirrande militære og politiske situasjonen som følgde slaget i Mohács kom Subotica under kontrollen til serbiske leigesoldatar frå Banat. Desse soldatane tente den transilvanske generalen John I Zápolya, seinare ein ungarsk konge. Leiaren for desse leigesoldatane, Jovan Nenad den svarte, erklærte seg sjølv tsar og grunnla ein kortvarig sjølvstendig stat med Subotica som hovudstad. Denne staten bestod av heile Bačka, det nordlege Banat og ein liten del av Srem. Då Bálint Török kom tilbake erobra han Subotica frå serbarane, og tsar Jovan Nenad flytta hovudstaden sin til Szeged. Nokre månader seinare, sommaren 1527, vart den sjølverklærte tsaren myrda og staten hans kollapsa.

Dei osmanske tyrkarane styrte byen frå 1542 til 1686. Mot slutten av denne nesten 150 år lange perioden var det ikkje mykje att av gamlebyen i Zabadka. Sidan mykje av folkesetnaden hadde flykta, oppfordra tyrkarane forskjellige nybyggjarar frå Balkan å kome til byen. Desse var hovudsakleg ortodokse serbarar. Dei dyrka den særs frodige landjorda rundt Subotica. I 1570 hadde Subotica 49 hus og i 1590 63 hus. I 1687 vart regionen busett av katolske dalmatiarar (kalla Bunjevci i dag).

Sjølvstendekrigar og revolusjonar[endre | endre wikiteksten]

Etter det avgjerande slaget mot tyrkarane ved Senta (Zenta) leia av fyrst Eugene av Savoie den 11. september 1697 vart Subotica ein del av Militærgrensa langs Tisa-Mureş oppretta av Habsburgmonarkiet. I mellomtida braut opprøret til Francis II Rákóczi ut, som òg vert kalla Kuruckrigen. I regionen rundt Subotica medverka Rákóczi i kampane mot Rac nasjonale milits. Rác var eit omgrep nytta som dei sørslaviske folka (hovudsakleg serbarar og bunjevci) og dei vart ofte kalla rácok i Ungarn. Seinare tydde rácok hovudsakleg ortodokse serbarar.

Dei serbiske militære familiane hadde mange privilegia på grunn av tenestene dei utførte for Habsburgmonarkiet. Subotica utvikla seg gradvis frå ein rein garnisonsby til ein marknadsby med eigne byrettar i 1743. Då dette skjedde klagde mange serbarar på at dei mista sine privlegia. Dei fleste forlet byen i protest, og nokre av dei grunnla ein ny busetnad like utanfor Subotica på 1700-talet, kalla Aleksandrovo, medan andre emigrerte til Russland. I Ny-Serbia, ein russisk provins oppretta for dei, grunnla desse serbarane ein ny busetnad som òg heitte Subotica. I 1775 vart det oppretta eit jødisk samfunn i Subotica.

Nokre tiår seinare, i 1779, gav keisarinne Maria Teresia av Austerrike byen status som fri kongeleg by. Dei entusiastiske innbyggjarane gav då byen namnet Maria-Theresiopolis.

Denne statusen sette fart i utviklinga av byen. På 1800-talet dobla folketalet seg og trekte til seg mange innbyggjarar frå heile Habsburgmonarkiet. Dette førte etter kvart til ei stor endring i dei demografiske tilhøva. På første halvdel av 1800-talet var bunjevci framleis ein majoritet,m en det var stadig fleire ungarar og jødar som slo seg ned i Subotica. Denne prosessen stoppa først med den ungarske revolusjonen i 1848-1849.

Trass i dei mange etniske gruppene, slo dei seg saman for å forsvare Subotica i slaget ved Kaponya den 5. mars 1849. Dei slo tilbake serbiske troppar frå Sombor i retning mot Szeged. Den første avisa i byen kom òg som eit resultat av revolusjons-anda i 1848-1849. Avisa heitte Honunk állapota («Tilstanden i heimlandet vårt») og kom ut på ungarsk av frå det lokale trykkkeriet til Károly Bitterman.

Etter undertrykkingane under den ungarske revolusjonen, vart Ungarn styrt av Baron Alexander von Bach i 1849–1860. I denne perioden vart Subotica, i lag med heile regionen Bačka skild frå det habsburgske Ungarn og vart ein del av ein eigen austerriksk provins kalla Vojvodina av Serbia og Tamiš Banat. Det administrative senteret i denne nye provinsen var Timişoara.

Frå gullalderen til andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Etter at dobbelmonarkiet vart oppretta i 1867 opplevde Subotica ein slags gullalder. Byen hadde alt fått eit imponerande teater i 1853 og mange skular starta opp etter 1867. I 1869 fekk byen jernbanesamband. Det første kraftverket vart bygd i 1896 og førte til vidare utvikling av byen og heile regionen. Subotica bestod no av fin de siècle-arkitektur. I 1902 vart det bygd ein jødisk synagoge i Art Nouveau-stil.

Subotica var ein del av Austerrike-Ungarn fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då byen vart ein del av kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Byen hamna utanfor dei økonomiske og kulturelle hovudstraumane og vart ein grenseby i Jugoslavia. Han var på denne tida den tredje største byen i Jugoslavia, etter Beograd og Zagreb.

I 1941 vart Jugoslavia invadert og delt mellom Aksemaktene. Den nordlege delen, inkludert Subotica, vart annektert av Ungarn. Under den andre verdskrigen, den såkalla Miklós Horthy-perioden frå 1941 til 1944, hadde katastrofale konsekvensar for Subotica. Byen mista 7000 innbyggjarar, hovudsakleg serbarar og jødar. Ungarske troppar gjekk inn i Subotica 11. april 1941. I løpet av krigen tok aksemaktene livet av mange sivile. Før krigen heldt 6000 jødar til i Subotica. Mange jødar vart deportert frå byen under Holocaust, hovudsakleg til Auschwitz. I 1942 vart den første gruppa av jødiske menn deportert. I april 1944 vart det oppretta ein getto i byen. Mange kommunistar mista òg livet i denne perioden. Innbyggjarane i Subotica, av alle nasjonalitetar; serbarar, ungarar, bunjevci, kroatar, jødar og andre, kjempa i lag i partisanrørsla mot aksemaktene. I 1944 forlet aksemaktene byen og Subotica vart ein del av av det nye sosialistiske Jugoslavia. Etter krigen vart dei som hadde samarbeidd aksemaktene avretta.

I etterkrigstida vart Subotica gradvis modernisert. Under Jugoslaviakrigane og Kosovkrigen i 1990-åra kom mange serbiske flyktninga til Subotica frå Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Kosovo, medan mange etniske ungarar og kroatar forlet landet på grunn av det politiske trykket i Milošević-perioden og den aukande graden av serbisk nasjonalisme.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (på serbisk) Popis stanovništva, domaćinstava i Stanova 2002. Knjiga 1: Nacionalna ili etnička pripadnost po naseljima. Statistical Office of the Republic of Serbia. 2003. ISBN 86-84443-00-09. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Subotica