Tarjei Tvigyva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarjei Tvigyva
Fødd1853
Død1926 (73 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Tarjei Tvigyva (18531926) var ein spelemann frå Lårdal i Telemark. Han var lærar til Olav Groven og kjelde for Eivind Groven.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tarjei voks opp på plassen Tvigyva i Heggtveitgrendi i Lårdal. Han var barnebarn av Anne Lillegård frå Eidsborg, som var ein dugande kvedar og ein av dei førande kjeldene til «Draumkvedet». Tarjei lærde først spel frå Olav Bergland og Tarjei Midbø. Midbøen var omgangsskulelærar for Tarjei, og kom heim til garden for å læra guten spel. Elles var Tarjei gjetargut på garden Lauvik, og fekk spel av Hans Klokkarkosi som heldt til der.

Då Tarjei var 13 år gamal opplevde han Myllarguten medan denne spela i Ålandslid. Dette gjorde eit varug inntrykk på guten.

Som vaksen kar var Tarjei Tvigyva rekna som ein av dei fremste i Lårdal, og folketeljinga 1875 skriv han opp som «spilmand». Elles livnæra han seg som skomakar. Han hadde eit godt gjetord som folkemusikar, og det kom folk til han heilt frå , Sauherad og Heddal. Lars Fykerud skal ha vore der i tre veker for å læra spel. Dengong vert det sagt dei spela så steikepanna dansa på veggen.

Tarjei nytta rundboge, skal ein tru det eine biletet som finst av han. Dette tyder på at han heldt ved like ein gamalvoren teknikk, og ein spelestil som nok vart utvikla på 1700-talet.

Tarjei var gift med Anne Kasin frå Lisleherad i Langlim. Saman åtte dei fire born.

Som åra leid vart det mindre speling på Tarjei. Utstyret hans vart heller ringt med åra, og sistpå åtte han knapt nok eiga fele. Likevel hadde han eit godt omdøme, og spelemannen Torkjell Haugerud var ein av dei som vitja han. Torkjell skal ha sagt om han: «De treng ikkje hente spelemennar frå Bø og Seljord de. Få Tarjei Tvigyva til å spela, de veit ikkje hoss god spelemann de hev i Lårdal.» Både Jørgen Tjønnstaul og Olav Groven var på Tvigyva etter spel.

Det vert fortalt om ein gong Olav Groven spela på ungdomshuset i Lårdal. Så synte Tarjei Tvigyva seg brått i døra, og med same Olav Groven såg Tarjei, reiste han seg og gav fela frå seg. Tarjei tok imot, og Olav sette seg tett ved og lydde det han var kar om.

Eivind Groven var innom Tarjei i 1921, og skreiv opp nokre slåttar etter han. Tarjei var då kring 70 år gamal. Spelet etter Tarjei er særeige, og nokre av slåttane hans var ikkje å finne andre stader.

Tarjei Tvigyva døydde i 1926.

Slåttar skrivne ned etter Tarjei Tvigyva[endre | endre wikiteksten]

  • nr 143e: Halling etter Langedragen. Nedskrift 1921 (G 700). Slåtten er og kalla Langedragen eller Sæbyggjegangaren. Dei andre fire variantane av slåtten er skrivne ned i Setesdal. Felestillet er forstemt (G-C-A-E). Slåtten vart nytta av Eivind Groven då han sette ut folkevisa Margit Hjukse for kor og to hardingfeler i 1961. Slåtten er og spela inn av Truls Ørpen. Ein av slåttevariantane er og kalla Kivlemøyane.
  • nr 316: Storesau Lauvik (springar). Nedskrift 1921 (G 699). Lauvik er ein gard i Mo, Telemark. Etter Arne Bjørndal er slåtten og kalla Lars Målar, etter ein spelemann frå Fyresdal, som hadde slåtten etter Olav Napper. Slåttenamnet skriv seg frå ei ørn som skulle ha teke ein sau frå garden Lauvik, men som laut sleppe sauen over Bandak av di sauen var for tung. Eivind Groven spela inn slåtten for NRK i 1949, og han er sidan mykje nytta av spelemenn i Vest-Telemark. Olav R. Berge nytta og denne slåtten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]