Thomas Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Bugge
Thomas Bugge.jpg
Fødd12. oktober 1740
København
Død15. januar 1815
København
NasjonalitetDanmark
Yrkeastronom, matematikar, geograf, kartograf
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Royal Society

Thomas Bugge (12. oktober 174015. januar 1815) var ein dansk astronom, matematikar og landmålar.

Bugge tok teologisk embetseksamen i 1759, men interesserte seg sterkt for matematiske studie. Kort tid etter eksamen vart han tilsett ved observatoriet, og frå 1762 vart han engasjert ved den nyleg starta oppmålinga av Danmark. I 1868 vart han utnemnt til overlandmålar med tittelen kammerråd, og føretok i denne stillinga den grunnleggende trianguleringa av Sjælland. I åra 1765 til 1772 fungerte han som lærar i matematikk for arveprins Frederik. I 1777 overtok han ei stilling som professor i astronomi.

I samband med ei påtenkt opprusting og modernisering av observatoriet føretok han same året ei studiereise til observatorium i Tyskland, Frankrike og England. Etter Bugge sitt forslag vart det i dei følgjande åra oppretta observatorium i Noreg, Island, Grønland og Trankebar. Bugge var den første som rekna ut ein almanakk spesielt for Noreg. For åra 1804-1814 rekna han ut almanakkar for polhøgdene til Christiania og Trondheim, men almanakkane vart inntil 1814 trykt i København.

Vona om på nytt å føra dansk astronomi opp til den respekten han hadde hatt på Tycho Brahe og Ole Rømer si tid, lét seg likevel ikkje realisera; noko av grunnen var at Bugge etter kvart vart oppteken med store kartleggingsoppgåver og eit mangfald av tidkrevande verv. I 1782 vart Bugge lektor i matematikk ved Søetaten, og underviste der mellom anna i «vandbygningskunst». I 1798 og 1799 var han dansk utsending til ein konferanse i Paris om metersystemet; frå desse reisene publiserte han i 1800 ei interessant ferdskildring. Han hadde på denne tida fått ei rekkje offentlege verv - medlem av Brolegningskommisionen og kommisjonane for brannvesenet og hamnevesenet i København, og president i Landhusholdningsselskabet. Frå 1801 til han døydde var han sekretær i Videnskabernes Selskab. I tre periodar mellom 1789 og 1811 var han òg rektor ved Københavns universitet. Det vart ofte trekt vekslar på dei breie kunnskapane hans i realfaga i ulike offentlege utgreiingar. Han vart i 1784 utnemnt til justisråd og i 1810 til etatsråd.

Av trykte arbeid må særleg nemnast læreboka hans De første grunde til den rene eller abstrakte Mathematik (1814) i tre bind, der siste bind omhandlar landmåling. Metodane hans for oppmåling og kartlegging vart lagt til grunn for den fullstendige økonomiske kartlegginga av landet på 1800-talet, og for eigedomsmåling og jordskifte. Han brevveksla med leiande vitskapsmenn over heile Europa, og etterlét seg ei brevsamling som fyller åtte bind. Under bombardementet til den engelske flåten av København i 1807 vart huset til Bugge stukke i brann; to tredelar av den private boksamlinga hans på 15 000 bind og ein del av dei matematiske og fysiske instrumenta gjekk tapt, medan Bugge sjølv greidde å redda originalteikningar til karta med journalar og utrekningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]