Track Three

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Track Three
Singel av Scott Walker
frå albumet Climate of Hunter
B-side «Blanket Roll Blues»
Utgjeve Mars 1984
Innspelt The Town House, EMI & Sarm West Studios, oktober-desember 1983
Sjanger Kunstrock
Lengd 3:50
Selskap Virgin Records
Låtskrivar(ar) Scott Walker
Produsent Peter Walsh, Scott Walker
Scott Walker-kronologi
«The Me I Never Knew»
(1973)
Track Three «Man From Reno»
(1993)


«Track Three» (uformelt kalla «Delayed») er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske songar-låtskrivaren Scott Walker i 1983. Det var den åttande solosingelen til Walker i Storbritannia og vart gjeven ut i mars 1984 for å marknadsføre comeback-albumet Climate of Hunter. Det vart laga ein stilmessig svartkvit musikkvideo til singelen. Singelen gjekk inn på salslistene. Det var den einaste singelen han gav ut i 19890-åra og den siste som kom ut i Storbritannia.

«Track Three» er òg berre den tredje A-sida som er skriven av Walker. Så langt har Walker berre skrive fire av singlane sine. Dei andre er «Deadlier Than the Male» (1966), «The Electrician» (1978) og «Man From Reno» (1993). B-sida til singelen var den einaste coverversjonen på Climate of Hunter, «Blanket Roll Blues».[1] Denne songen hadde opphavleg vorte framført i filmen The Fugitive Kind i 1959, sungen av Marlon Brando. Teksten er den einaste Tennessee Williams skreiv.[2]

Innspeling og musikk[endre | endre wikiteksten]

Walker skreiv «Track Three» i lag med resten av Climate of Hunter i august og september 1983. Han vart spelt inn i The Town House, EMI og Sarm West Studios frå oktober til desember same året og vart produsert av Peter Walsh og Scott Walker.

Walker valte å gje denne songen, og tre andre på albumet, ein numerisk tittel etter plasseringa på albumet. Dette kom visstnok av at han ikkje ønskte at tittelen skulle prege eller overless songane, slik at ei tekstlinje vart viktigare enn ei anna.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Virgin Records - VS666
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Track Three»  Scott Walker 3:50
2. «Blanket Roll Blues»  Tennessee Williams (Lyrics), Kenyon Hopkins (Music) 3:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

«Track Three»
«Blanket Roll Blues»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://rateyourmusic.com/release/single/scott_walker/track_three___blanket_roll_blues/
  2. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 157. ISBN 0-85965-395-1. 
  3. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 156. ISBN 0-85965-395-1.