Scott av Scott Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scott
Studioalbum av Scott Walker
Utgjeve 16. september 1967[1]
Innspelt 1967
Sjanger Barokkpop
Lengd 40:30
Selskap Philips
Smash Records (US)
Fontana (CD)
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi
Images
(1967)
av
The Walker Brothers
Scott Scott 2
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]

Scott var debutplata til Scott Walker som soloartist, opphavleg gjeven ut i StorbritanniaPhilips Records i 1967.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Scott kom ut berre seks månader etter det tredje albumet til Walker med The Walker Brothers, Images. Blanding av Walker sine originale songar og utvalet av coverversjonar etablerte Walker som ein meir seriøs og melankolsk artist. Borte var beatmusikken og blue-eyed soul-songane som den tidlegare gruppa hadde spelt. Songutvalet fall generelt inn i fire hovudkategoriar: hans eigne songar («Montague Terrace (In Blue)», «Such a Small Love», «Always Coming Back to You»), moderne coverversjonar («The Lady Came from Baltimore», «Angelica»), filmsongar («You're Gonna Hear From Me», «Through a Long and Sleepless Night») og engelskspråklege versjonar av songar skrivne av den belgiske musikaren og låtskrivaren Jacques Brel («Mathilde», «My Death», «Amsterdam»). Brel var ei stor inspirasjonskjelde for låtskrivinga til Walker, og Walker hadde med songar av Brel på dei tre første soloalbuma sine. Walker skildra Brel som 'den viktigaste låtskrivaren i verda'.[3] Det verkelege kuppet til Walker var å få tak i og spele inn dei nye omsetjingane til Mort Shuman av songane til Brel før nokon andre.

Tre songar som truleg vart spelt inn under innspelinga av Scott har sirkulert på piratkopiplater. Desse er «Free Again» (Basile/Canfora/Colby/Jourdan), «I Get Along Without You Very Well» (Hoagy Carmichael) og «I Think I'm Getting Over You» (Roger Cook/Roger Greenaway), sistnemnde spelt inn for ei potensiell singelutgjeving.[4]

Utgjeving og motakking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut av Philips Records i september 1967 i Storbritannia. Det nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, og låg inne på lista i 17 veker.[5] Det vart gjeve ut året etter i USA på Smash Records med tittelen Aloner.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Mathilde»  Jacques Brel, Gérard Jouannest, Mort Shuman 2:39
2. «Montague Terrace (In Blue)»  Noel Scott Engel 3:31
3. «Angelica»  Cynthia Weil, Barry Mann 4:02
4. «The Lady Came from Baltimore»  Tim Hardin 1:59
5. «When Joanna Loved Me»  Robert Wells, Jack Segal 3:08
6. «My Death»  Brel, Shuman 4:57
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «The Big Hurt»  Wayne Shanklin 2:26
8. «Such a Small Love»  Engel 4:55
9. «You're Gonna Hear From Me»  André Previn, Dory Previn 2:53
10. «Through a Long and Sleepless Night»  Mack Gordon, Alfred Newman 4:12
11. «Always Coming Back to You»  Engel 2:41
12. «Amsterdam»  Brel, Shuman 3:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Scott Walker – vokal
  • Wally Stott – arrangement, dirigent
  • Reg Guest – arrangement, dirigent
  • Peter Knight – arrangement, dirigent
  • Peter Olliff – lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Release: Scott – MusicBrainz». Henta 29. oktober 2013. 
  2. Unterberger, Richie. Review: Scott. Allmusic. Henta 29. oktober 2013.
  3. Williams, Lewis (2006). Scott Walker – The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 61. ISBN 0-85965-395-1. 
  4. Williams, Lewis (2006). Scott Walker – The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 185. ISBN 0-85965-395-1. 
  5. «Chart Stats – Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2012-12-05. Henta 29. oktober 2013.