Scott 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scott 2
Studioalbum av Scott Walker
Utgjeve Mars 1968[1]
Mal:Start date (US)
Innspelt 1967-1968
Sjanger barokkpop
Lengd 43:47
Selskap Philips
Smash Records (US)
Fontana (CD)
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi
Scott
(1967)
Scott 2 Scott 3
(1969)
Singlar frå Scott 2
  1. «Jackie» med «The Plague»
    Utgjeve: 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]

Scott 2 er det andre soloalbumet til Scott Walker.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Scott 2 følgjer same formelen som debutplata til Walker med ei blanding av samtidige coverversjonar («Black Sheep Boy», «The Windows of the World») Jacques Brel-tolkingar («Jackie», «Next», «The Girls and the Dogs»), filmsongar («Wait Until Dark», «Come Next Spring») og originale songar («The Amorous Humphrey Plugg», «The Girls from the Streets», «Plastic Palace People», «The Bridge»). Hans eigne og Brel sine songar var langt meir vågale enn på Scott, der «Jackie», «Next» og «The Girls from the Streets» handlar om seksuelle tema og ein dekadent livsstil.

I følgje Jonathan King som skreiv teksten i omslaget til Scott 2, skal Walker ikkje lenge etter albumet var ferdig ha skildra det som «verket til ein lat, njotingssjuk mann». Han la til «no må visvaset stoppast og det seriøse byrje». King skriv vidare om Walker: «Eg tvilar ikkje på at om mange år frå no, over ein romaldermiddag av vitamin så vil han sei: 'Vel, dei siste femti åra var kjekke, men no må me gjere noko skikkeleg.' Og han kjem til å meine det.»[3]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet, som kom ut på Philips Records i mai 1968, nådde førsteplassen i ei veke og låg inne på UK Albums Chart i 18 veker.[4] Før albumet kom singelen «Jackie» seint i 1967. Singelen vart kontroversiell i Storbritannia på grunn av tekstlinjer som «authentic queers and phony virgins» og narkotikareferansar.[5] Songen vart bannlyst av BBC og ikkje framført på BBC TV eller radiokanalar. Songen nådde etter kvart 22. plass.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Jackie»  Jacques Brel, Gérard Jouannest, Mort Shuman 3:23
2. «Best of Both Worlds»  Mark London, Don Black 3:14
3. «Black Sheep Boy»  Tim Hardin 2:39
4. «The Amorous Humphrey Plugg»  Noel Scott Engel 4:31
5. «Next»  Brel, Shuman 2:50
6. «The Girls from the Streets»  Engel 4:11
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Plastic Palace People»  Engel 6:06
8. «Wait Until Dark»  Henry Mancini, Jay Livingston, Ray Evans 2:59
9. «The Girls and the Dogs»  Brel, Jouannest, Shuman 3:10
10. «Windows of the World»  Hal David, Burt Bacharach 4:25
11. «The Bridge»  Engel 2:50
12. «Come Next Spring»  Lenny Adelson 3:24

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste År Plassering
UK Albums Chart[6] 1968 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Wally Stott - arrangement og dirigent (spor 1, 2, 12)
  • Reg Guest - arrangement og dirigent (spor 3, 4, 9)
  • Peter Knight - arrangement og dirigent (spor 6, 4)
  • Peter Olliff - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Release: Scott 2 - MusicBrainz». Henta 29. oktober 2013. 
  2. Unterberger, Richie. Review: Scott 2. Allmusic. Henta 29. oktober 2013.
  3. «Scott 2 by SCOTT WALKER - LP - Boomkat - Your independent music specialist». Boomkat. Henta 1. mai 2014. 
  4. 4,0 4,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2012-12-05. Henta 29. oktober 2013. 
  5. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 68. ISBN 0-85965-395-1. 
  6. «Chart Stats - Scott Walker - Scott 2». chartstats.com. Arkivert frå originalen 23 juli 2012. Henta 5 June 2011.