'Til the Band Comes In

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Til the Band Comes In
Studioalbum av Scott Walker
Utgjeve Desember 1970[1]
Innspelt Philips Studios, september–november 1970[1]
Sjanger barokkpop, rock, pop
Lengd 41:12
Selskap Philips 6308 035
BGO Records (1996)
Water Records (2008)
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi
Scott 4
(1969)
'Til the Band Comes In The Moviegoer
(1972)
Singlar frå 'Til the Band Comes In
  1. «'Til the Band Comes In» med «Jean the Machine»
    Utgjeve: 1970

'Til the Band Comes In er det sjette studioalbumet til den amerikansk songaren Scott Walker. Det kom ut i desember 1970, men gjekk ikkje inn på salslistene. Tittelsporet og «Jean the Machine» vart gjeven ut i Nederland som den einaste singelen frå albumet. Albumet er eit laust konsept basert på innbyggjarane i ei bustadblokk.

Walker skreiv songane for albumet raskt medan han var på ferie i Hellas i september 1970.[1] Albumet vart spelt inn mellom september og november 1970[2] med dei vanlege studiomusikarane frå Philips som bestod av produsenten Johnny Franz, lydteknikarane Peter J. Olliff og Wally Stott og Peter Knight til å dirigere musikkarrangementa. Det fekk dårleg kritikk då det kom ut. Albumet vart sletta og var ikkje tilgjengeleg i over 25 år. Albumet vart sidan omtalt mykje varmare og vart etter kvart gjeve ut på CD i 1996. Denne nye utgåva gjekk ut av opplag før ei ny CD-utgåva kom ut i 2008 på Water Records. Albumet vart gjeve ut igjen i juni 2013 som ein del av ei samling på fem CDar kalla Scott - The Collection 1967-1970.[3]

Innspeling og musikk[endre | endre wikiteksten]

Etter at det førre albumet hadde selt dårleg og fått dårleg kritikk, inngjekk Walker fleire kompromiss med manageren sin og plateselskapet sitt for å få att drivkrafta i karrieren hans. Dei mest kommersielle avgjerslene var å ta attende scenenamnet Scott Walker, etter fødenamnet Noel Scott Engel vart nytta på albumet Scott 4.

Albumet vart delt mellom dei første ti originale komposisjonane og fem tolkingar av standarar og popsongar. Walker delte òg låtskrivinga med den nye manageren Ady Semel. Walker oppsummerte samarbeidet med Semel: «Han fungerer som sensoren min, går kritisk gjennom alle tekstane mine og stryk ut ord som truleg vil skade gamle damer».[1] Walker tok òg med Esther Ofarim, ein annan songar under Semel, som gjestevokalist på «Long About Now».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Pitchfork Media8.4/10[5]

Då det kom ut fekk 'Til the Band Comes In dårleg kritikk av dei fleste kritikarane. Kritikarane har sidan den gong vorte mildare, særleg etter at Walker vart hylla etter The Walker Brothers-albumet Nite Flights i 1978. Albumet vert no rekna som bra, men med ein del kompromiss[5]. Scott Plagenhoef skreiv for Pitchfork Media i 2008 at det var «eit steg ned frå dei to førre albuma, men likevel umaken verd».[5]

Dave Thompson skreiv mindre positivt for Allmusic og kalla «Thanks for Chicago Mr. James» og «Joe», dei einaste songane på albumet som var noko.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av A. Semel/S. Walker, utanom der anna er nemnt. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Prologue»    1:23
2. «Little Things (That Keep Us Together)»    2:18
3. «Joe»    3:42
4. «Thanks for Chicago Mr. James»    2:18
5. «Long About Now» (Sungen av Esther Ofarim)  2:06
6. «Time Operator»    3:37
7. «Jean the Machine»    2:10
8. «Cowbells Shakin'»    1:06
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «'Til the Band Comes In»    3:50
10. «The War Is Over (Sleepers)»    3:36
11. «Stormy»  J. Cobb, B. Buie, James R. Cobb 3:09
12. «The Hills of Yesterday»  H. Mancini, Paul F. Webster 2:45
13. «Reuben James»  A. Harvey, Barry J. Etris 3:03
14. «What Are You Doing the Rest of Your Life»  A. Bergman, M. Bergman, M. Legrand 3:36
15. «It's Over»  Rodgers 2:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Watkinson, Mike; Anderson, Pete (1994). Scott Walker - A Deep Shade Of Blue (1st utg.). London: Virgin Books. s. 155–6. ISBN 1 85227 482 4. 
  2. Reynolds, Anthony (2009). The Impossible Dream (1st utg.). London: Jawbone Books. s. 244. ISBN 978-1-906002-25-1. 
  3. Minsker, Evan. Scott Walker's First Five Albums To Be Reissued
  4. 4,0 4,1 Thompson, Dave. Allmusic review
  5. 5,0 5,1 5,2 Plagenhoef, Scott. Pitchfork Media review