Tilt av Scott Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tilt
Studioalbum av Scott Walker
Utgjeve 8. mai 1995
Innspelt RAK Recording Studios, Townhouse Studios
Sjanger Kunstrock
Avantgarde
Eksperimentell
Lengd 56:58
Selskap Fontana
Produsent Scott Walker og Peter Walsh
Scott Walker-kronologi
Climate of Hunter
(1984)
Tilt Pola X
(1999)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
City Pages(positiv)[2]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Tilt er det tolvte studioalbumet til den amerikanske songaren Scott Walker. Det kom ut den 8. mai 1995 og nådde 27. plassen[4]UK albums chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet. Albumet var det første Walker gav ut på elleve år.

Walker skreiv songar for albumet mellom 1991 og 1992 utanom «Manhattan», som vart skriven i 1987, og den siste songen «Rosary», som vart skriven i 1993. Albumet vart spelt inn i RAK Recording Studios og Townhouse Studios i Storbritannia og var venta å kome ut så tidleg som i 1992[5] men var ikkje ferdig før 1995. Albumet var den første av ein «trilogi» som fortsette med The Drift (2006) og Bish Bosch (2012).[6]

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet har ei naken, aude gravferdsstemning. Tekstane er fulle av mystiske indikasjonar og vanskelege ordspel. Som det førre albumet til Walker, Climate of Hunter (1984), kombinerer Tilt element av industriell musikk med europeisk avant-garde og eksperimentell musikk.

Komposisjonane legg vekt på abstrakt atmosfærisk støy over harmoniske strukturar, med minimalistiske, lett disharmoniske «lydblokker» og transeliknande repetisjonar utført gjennom forsiktig nyansert instrumentering og forsiktige lydeffektar. Stemma til Walker gjev gjenklang i eit hult ekko og får ein stemningsskapande, fjern og ulukkeleg kvalitet, som ein kritikar omtalte som «Samuel BeckettLa Scala».

Opningssporet «Farmer in the City» har undertittelen «Remembering Pasolini». Eit par av tekstane er henta frå den engelske omsetjinga til Norman Macafee av Pier Paolo Pasolini-diktet «Uno dei Tanti Epiloghi» («Ein av mange epilogar»), som vart skriven i 1969 for venen og protesjeen til Pasolini, skodespelaren Ninetto Davoli. Gjennom songen syng Walker "Do I hear 21, 21, 21...? I'll give you 21, 21, 21...", som kan vere ein referanse til alderen til Davoli då han vart innkalla til (og deserterte frå) den italienske hæren.[1]

Teksten til «The Cockfighter» inneheld «utdrag henta frå rettsaka til dronning Caroline og rettsaka til Adolf Eichmann». «Bolivia '95» er visstnok ein song om søramerikanske flyktningar.

I tillegg til kjernen av musikarar som speler vanlege rockeinstrument, medvarkar òg strykarar frå Sinfonia of London og kyrkjeorgelet i Methodist Central Hall, som vart arrangert og dirigert av Brian Gascoigne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av N. S. Engel (Scott Walker). 

# Tittel Lengd
1. «Farmer in the City (Remembering Pasolini)»   6:38
2. «The Cockfighter»   6:01
3. «Bouncer See Bouncer...»   8:50
4. «Manhattan»   6:05
5. «Face on Breast»   5:15
6. «Bolivia '95»   7:44
7. «Patriot (a single)»   8:28
8. «Tilt»   5:13
9. «Rosary»   2:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • «Bouncer See Bouncer...»
    • Jonathan Snowden – fløyter
    • Andy Findon – bassfløyte
    • Jim Gregory – bassfløyte
    • Roy Jowitt – klarinett
    • Roy Carter – obo
    • Brian Gascoigne – Orkestrering
    • Peter Walsh – Prog basstrommer
  • «Manhattan»
    • Alasdair Malloy – perkusjon
    • Louis Jardim – perkusjon
    • Brian Gascoigne – Orgelet frå Methodist Central Hall
    • Andrew Cronshaw – Concertina
  • «Bolivia '95»
    • Hugh Burns – gitarar
    • Alasdair Malloy – perkusjon
    • Louis Jardim – perkusjon
    • Andrew Cronshaw – Ba-wu-fløyte
    • Greg Knowles – Cimbalom
  • «Patriot (a single)»
    • Strings of Sinfonia of London, dirigert av Brian Gascoigne
    • Jonathan Snowden – Piccolo
    • John Barclay – trompetar
    • Ian Thomas – Militærbasstromme og cymbalar
  • «Rosary»
    • Scott Walker – gitar

Promosinglar[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjeve ut to promosinglar på CD for å marknadsføre Tilt på radio og plateforetningar. Desse inneheldt nedkorta versjonar av songane frå Tilt.

Scott 1 (Fontana - EEFR 1)[7]
  1. «Patriot (a single)» (Edit) – 4:40
  2. «The Cockfighter» (Edit) – 4:07
Scott 2 (Fontana - EEFR 2)[8]
  1. «Tilt» (Edit) – 4:38
  2. «Farmer in the City» (Edit) – 4:37

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
UK Albums Chart[4] 27

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. City Pages review
  3. Rolling Stone review
  4. 4,0 4,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2012-04-10. Henta 29. oktober 2013. 
  5. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 161. ISBN 0-85965-395-1. 
  6. http://www.guardian.co.uk/music/2012/nov/23/scott-walker-interview
  7. «Scott 1 (CD, Single, Promo) at Discogs». Discogs. Henta 29. oktober 2013. 
  8. «Scott 2 (CD, Single, Promo) at Discogs». Discogs. Henta 29. oktober 2013.