Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series
Studioalbum av Scott Walker
Utgjeve juli 1969
Innspelt 1969
Sjanger Pop, Easy Listening, storband
Lengd 36:24
Selskap Philips
Produsent John Franz
Scott Walker-kronologi
Scott 3
(1969)
Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series Scott 4
(1969)


Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series er det fjerde studioalbumet til den amerikanske musikaren Scott Walker. Det kom ut i juli 1969 og nådde sjuandeplassen[1]UK Albums Chart. Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet, men somme utgåver inneheld singelen «Lights of Cincinnati». Albumet inneheld ikkje originale songar av Walker og består av balladar og storband-standarar. Albumet har sidan vorte sletta frå katalogen og ikkje gjeve ut på nytt.

Albumet er eit akkompagnement til BBC TV-serien Scott. Det består av nyinnspelingar i studio av eit utval av songane han spelte i programmet og inneheld ikkje dei faktiske innspelingane frå fjernsynsprogrammet.

Tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series vart sletta frå katalogen og ein trur det kom av at Walker var misnøgd med albumet og albuma sine frå tidleg i 1970-åra, som han skildrar i dokumentaren Scott Walker: 30 Century Man som «villmarksåra». Walker har stoppa CD-utgjevinga av fjerynsseriealbuma The Moviegoer (1972) og Any Day Now (1973).[2]

Trass i at albumet vart sletta, har kring halvparten av songane blitt gjeve ut på ny i nyare år på den billige samleplata The Collection og Classics & Collectibles (2005). «I Have Dreamed», «Country Girl», «When the World Was Young», «Someone to Light Up My Life», «The Impossible Dream», «Who (Will Take My Place)» og «Lost in the Stars» finst på Classics & Collectibles, medan «The Look of Love» finst på The Collection. «Will You Still Be Mine», «If She Walked Into My Life», «The Song Is You» og «Only the Young» er ikkje blitt gjeve ut på ny.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Scott: Scott Walker Sings Songs from his T.V. Series fekk middels kritikk då det kom ut.

Richie Unterberger skreiv ei positiv melding om albumet for Allmusic der han skriv at Walker syng særs orkestrerte, standardar ekstremt godt heile vegen gjennom.[3] Han skriv likevel at albumet ikkje heilt representerer det Walker vanlegvis spelte på denne tida, og var i alle fall ikkje det beste albumet hans frå perioden.[3] Han oppsummerer albumet som ein kuriositet som har halde seg langt dårlegare enn dei andre albuma hans frå denne perioden, og vert berre tilrådd fans som ønsker ei komplett songliste av artisten.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Will You Still Be Mine»  Matt Dennis, Thomas Adair 2:25
2. «I Have Dreamed»  Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II 2:37
3. «When the World Was Young»  M. Philippe-Gérard, Angele Vannier, Johnny Mercer 4:01
4. «Who (Will Take My Place)»  Charles Aznavour, Herbert Kretzmer 3:18
5. «If She Walked Into My Life»  Jerry Herman 3:55
6. «The Impossible Dream»  Mitch Leigh, Joe Darion 3:00
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «The Song Is You»  Jerome Kern, Oscar Hammerstein II 1:45
8. «The Look of Love»  Burt Bacharach, Hal David 2:31
9. «Country Girl»  Robert Farnon 3:07
10. «Someone to Light Up My Life»  Vinicius de Moraes, Antonio Carlos Jobim, Gene Lees 2:12
11. «Only the Young»  Richard Ahlert, Marvin Fisher 3:13
12. «Lost in the Stars»  Maxwell Anderson, Kurt Weill 4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
UK Albums Chart[1] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chart Stats - Scott Walker». chartstats.com. Henta 29. oktober 2013. 
  2. Williams, Lewis (2006). Scott Walker - The Rhymes of Goodbye (1st utg.). London: Plexus. s. 105. ISBN 0-85965-395-1. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Unterberger, Richie. «Review: Scott Walker - Scott Sings Songs from his TV Series». Allmusic. Henta 03 May 2010.