Hipgnosis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hipgnosis
Skipa1968
LandStorbritannia
Nettstadhttps://www.stormstudiosdesign.com/

Hipgnosis var eit britisk designfirma som spesialiserte seg på plateomslag for rockealbum. Det er mest kjend for arbeidet sitt med band som Pink Floyd, Genesis, Led Zeppelin, Yes og Black Sabbath. Hipgnosis bestod hovudsakleg av Storm Thorgerson, Aubrey Powell og Peter Christopherson. Firmaet vart løyst opp i 1983, men Thorgerson heldt fram med å designe plateomslag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1968 vart Thorgerson og Powell spurt av venene sine i Pink Floyd om dei var interessert i å designe plateomslaget til deira andre album A Saucerful of Secrets. Dette gjorde dei, og byrja å gjere enkelte oppdrag for EMI, inkludert bilete og plateomslag for Free, Toe Fat og The Gods. Sidan begge var film- og kunststudentar kunne dei bruke mørkerommet på Royal College of Art, men då dei var ferdig med studiane måtte dei gjere alt på eiga hand. Dei bygde eit lite mørkerom på badet til Powell, men kort tid etter, tidleg i 1970, leigde dei ein stad der dei kunne bygge eit studio.

Powell og Thorgerson fann namnet på ei grafittiteikning på døra utanfor husværet deira. Dei likte ordet fordi det både likna på ordet «hypnosis» (hypnose) og ein kombinasjon av orda «hip» og «gnosis», som tyder læra om eldgamal historie.

Hipgnosis fekk sitt store gjennombrot i 1973 med plateomslaget til Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon. Plata i seg sjølv vart svært populær, og plateomslaget har enkelte stader sidan blitt kåra til det beste plateomslag gjennom tidene. Etter dette fekk Hipgnosis oppdrag frå fleire store band som Led Zeppelin, Genesis, UFO, Peter Gabriel og The Alan Parsons Project.

Peter Christopherson vart med i Hipgnosis som assistent i 1974, og vart seinare partnar i firmaet. Firmaet fekk etter kvart mange assistentar og andre tilsette. Ei spesiell sak var at Hipgnosis aldri bad om eit fast honorar på plateomslag dei laga, og bad heller artisten om å «betale det dei meinte arbeidet var verdt». Dette slo berre tilbake på Hipgnosis eit par gonger.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Hipgnosis brukte som nesten alltid fotografi på plateomslaga, og dei var dei første til å ta i bruk forskjellige visuelle teknikkar. Thorgerson og Powell brukte mykje surrealistiske og utførleg manipulerte bilete.

Eit anna kjennemerke med Hipgnosis sine plateomslag var at bileta ofte fortalte «historier» som hadde samanheng med teksten til songane på albumet. Sidan både Powell og Thorgerson var filmstudentar, brukte dei ofte modellar som «skodespelarar» og sette opp ein scene som på eit teater. Plateomslaga til Hipgnosis hadde sjeldan bilete av sjølve bandet på utsida, og ein fann dei stort sett på innsida av omslaget.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]