UEFA-cupfinalen i fotball 1998

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 1998 fann stad på Parc des Princes i Paris 6. mai 1998 framfor 44 412 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom to italienske klubbar, FC Inter frå Milano og SS Lazio frå Roma. Med siger 3-0 sikra Inter seg sin tredje triumf i UEFA-cupen.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Etter fem minuttars spel vart chilenaren Iván Zamorano spelt fri med ei langpasning frå Inters banehalvdel, han sende ballen forbi Lazio-målvakta og i mål. Då kampen var ein time gammal la argentinaren Javier Zanetti på til 2-0 med ein susar frå 18-20 meter i retning krysset. Ti minuttar seinare fastsette brasilianaren Ronaldo sluttresultatet til 3-0, etter å ha runda målvakta og plasserte ballen i det tome målburet. Tre minuttar før full tid vart Lazio-innbytaren Matías Almeyda tildelt gult kort nummer to og utvist.

Lagoppstillingane, Inter i blått og svart

Antonio López Nieto frå Spania var dommar.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Inter bestod av Gianluca Pagliuca, Francesco Colonnese, Salvatore Fresi, Taribo West, Javier Zanetti, Aron Winter, Zé Elias, Youri Djorkaeff, Diego Simeone, Ronaldo Lima, Iván Zamorano og innbytarane Benoît Cauet, Francesco Moriero, Luigi Sartor.

Lazio mønstra: Luca Marchegiani, Alessandro Grandoni, Alessandro Nesta, Paolo Negro, Giuseppe Favalli, Diego Fuser, Giorgio Venturin, Vladimir Jugović, Pavel Nedvěd, Paolo Casiraghi, Roberto Mancini, Matías Almeyda, Guerino Gottardi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]