Ulla fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ulla fyr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulla fyrstasjon
Ulla lighthouse in Haram.tif
Ulla fyrstasjon i 1993
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
FylkeMøre og Romsdal
KommuneHaram
FunksjonLeifyr, tidlegare fiskefyr
Oppretta1874
Koordinatar62°41.1025′N 6°9.9057′EKoordinatar: 62°41.1025′N 6°9.9057′E
Fyrtårn
Høgd10,5
FormFyrbygning med tårn
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande glimt kvart 10. sekund
Lyshøgd21,5 moh
Lysvidde14,2 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1975
Avfolka1975
VernestatusFreda etter lov om kulturminne

Ulla fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvernholmen i Haram kommuneSunnmøre

Ulla fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Ulla fyrstasjon

I 1872 vart det løyvd pengar til å få bygt eit fiskefyr på Kvernholmen og det vart bygd ein liten fyrbygning her. Fyret stod ferdig hausten 1873 og vart tent første gong 25. januar 1874. Frå 1889 vart brennetida utvida og stasjonen måtte derfor utvidast til familiestasjon. Det vart bygd ny bustad med uthus og naust, samt eit lite fjøs.

I 1898 fekk fyret ei 4. ordens linse med fleire klippsektorar slik at lyset lyste i forskjellige fargar i forskjellige retningar. I januar 1901 vart fyret råka av ein storm og naustet vart flytta av bølgjene, men ikkje øydelagd. Fyret vart forsterka i 1929 og fekk elektrisk straum innlagt.

I oktober 1944 bomba allierte fly fyrstasjonen og førte til store skadar. Gjenoppbygginga av fyret starta i 1950. Det vart då bygd ein ny fyrbygning med støypejernslykt på taket. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.

Ein kort periode leigde forsvaret fyret av Kystverket og nytta det til ulike tilskipingar. I 2003 tok Kystverkklubben Ullafyrets Venner over ansvaret for å vedlikehalde fyrstasjonen. I dag vert det drive fyrkafé og ulike tilskipingar, og det er høve for overnatting.

Fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]