Ulla fyrstasjon
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Haram | ||
Funksjon | Leifyr, tidlegare fiskefyr | ||
Oppretta | 1874 | ||
Koordinatar | 62°41.1025′N 6°9.9057′E / 62.6850417°N 6.1650950°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 10,5 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 10. sekund | ||
Lyshøgd | 21,5 moh. | ||
Lysvidde | 14,2 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1975 | ||
Avfolka | 1975 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Ulla fyrstasjon 62°41′07″N 6°09′54″E / 62.685222°N 6.164944°E | |||
Ulla fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvernholmen i Haram kommune på Sunnmøre
I 1872 vart det bevilga pengar til å få bygd ei fiskefyr på Kvernholmen og det vart bygd ein liten fyrbygning her. Fyret stod ferdig hausten 1873 og vart tent første gong 25. januar 1874. Frå 1889 vart brennetida utvida og stasjonen måtte derfor utvidast til familiestasjon. Det vart bygd ny bustad med uthus og naust, samt eit lite fjøs.
I 1898 fekk fyret ei 4. ordens linse med fleire klippsektorar slik at lyset lyste i forskjellige fargar i forskjellige retningar. I januar 1901 vart fyret råka av ein storm og naustet vart flytta av bølgjene, men ikkje øydelagd. Fyret vart forsterka i 1929 og fekk elektrisk straum innlagt.
I oktober 1944 bomba allierte fly fyrstasjonen og førte til store skadar. Gjenoppbygginga av fyret starta i 1950. Det vart då bygd ein ny fyrbygning med støypejernslykt på taket. I 1975 vart fyret automatisert og avbemanna.
Ein kort periode leigde forsvaret fyret av Kystverket og nytta det til ulike tilskopingar. I 2003 tok Kystverkklubben Ullafyrets Venner over ansvaret for å vedlikehalde fyrstasjonen. I dag vert drive fyrkafé og ulike tilskipingar, samt høve for overnatting.
I dag er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg
Kjelder
- «Norsk fyrliste 2008 - side 327» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Ulla fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.