Västerbottens län

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Västerbotten län)
Västerbotten
len
Symbol
Land  Sverige
Residensstad Umeå
Areal 55 186,2 km²
Folketal 278 729 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1638
Länsbokstav AC
Kart
Västerbottens län
64°20′41″N 18°18′51″E / 64.344665°N 18.314209°E / 64.344665; 18.314209
Wikimedia Commons: Västerbotten County

Västerbottens län er eit len i Sverige. Lenet ligg i den nordlege delen av Norrland. Lenet vert utgjort av landskapet Västerbotten, den nordaustlege delen av landskapet Ångermanland og den sørlege delen av landskapet Lappland. Västerbottens län er det nest største lenet i Sverige. Flatevidda er ein åttandedel av flatevidda til Sverige. I lenet bur det kring 280 000 innbyggjarar. Administrasjonsstad er Umeå, som mellom anna har eit universitet.

Västerbottens län har ein variert natur, alt frå det karrige kystlandskapet ved Bottenviken til den mektige fjellnaturen i vest på grensa mot Noreg. Mellom finst innlandet med milevide skogar og myrar. Naturreservata i lenet avspeglar òg dette mangfaldet.

I Västerbottens län finst ein nasjonalpark, Björnlandets Nationalpark i Åsele kommune, og 153 naturreservat. Naturreservata har ei total flatevidd på kring 800 000 hektar og dekkjer dermed 13 prosent av flatevidda. Vindelfjällens naturreservat i Sorsele og Storumans kommune er med sina 550 000 hektar det største verna området nord i Europa.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Västerbottens län
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.