Hopp til innhald

Varangerhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varangerhalvøya
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommunar Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby, Tana, Vadsø, Vardø
Kart
Varangerhalvøya
70°25′00″N 29°25′00″E / 70.41666667°N 29.41666667°E / 70.41666667; 29.41666667
Wikimedia Commons: Varanger Peninsula

Varangerhalvøya (nordsamisk Várnjárga, kvensk Varenkinniemi, finsk Varangin niemimaa) er ei halvøy i Finnmark som ligg mellom Tanafjorden og Varangerfjorden, med Barentshavet i nord og aust. I sørvest snevrar halvøya inn og vert ei landbru. Landbrua ligg i kommunane Tana og Nesseby og blir så smal som ei mil mellom Skiippagurra og Varangerbotn.

Det ligg to byar på Varangerhalvøya, Vadsø og Vardø, og elles tettstadene Berlevåg, Båtsfjord, Kiberg og Vestre Jakobselv.

Berglandskap på Varangerhalvøya.
Makkaur fyrstasjon med tilhøyrande bygningar.
Foto: Riksantikvaren

Området har kupert fjellterreng med høgdar på 633 moh. på Skipskjølen og 724 moh. på Stangnestind i Austertana.[1] Andre høge punkt er Falkefjell på 548 moh.

Fjordar og fjordarmar som ligg inntil halvøya er mellom anna Leirpollen, Kongsfjorden, Båtsfjorden, Syltefjorden, Persfjorden og Varangerfjorden.

Elver som munnar ut langs kysten er mellom anna Mohkkeveai-johka, som ligg nord for Tana-brua, brua som fører frå tettstaden Tana bru austover til Varangerhalvøya. Nordover langs kysten munnar følgjande elver ut: Trollfjordselva, Geres-johka, Geinnodat-johka, Harrelva, Čáhcegár-johka, Noaide-johka, Suorbmávžže-johka, Biehtár-johka, Suki-elva.

Nokre av halvøya sine elver munnar ut i Varangerfjorden, deriblant Bergeby-elva, Grunneselva, Jakobselva. Andre elver er m.a. Skallelv[2] og Austerelva.

Langs kysten av halvøya ligg Tanaelva og munningen til elva, og Tanafjorden, Leirpollen, Gulgofjorden, Store Molvik, Tanahorn, Fuglenes. Austanfor Skarveneset ligg Skånsvika, Berlevåg, Kjølneset, Styret, Storsteinsbukta, Sandfjordklubben, Sandfjord, Nålneset, Risfjorden. Strømmen har ein kyst innanfor Straumsnesa. Vidare austover finst Vesterneset, Setbøneset, Båtsfjorden, Makkaur, Korsneset, Makkaur-Sandfjorden, Syltefjordklubben, Persfjorden, Blodskytodden, Kavringen, Svartnesbukta, Svartnes, Gamvikbukta, Skinnstakkvika, Nordvestkeila, Molvika, Kibergneset, Spira, Håbrandneset, Kramvik, Grunnes, Svartnes, Svartnesbukta, Langbukta, Langbunes,[3] Trollbukta, Komagværbukta,[4] Skallbukta, Nyhavnneset, Skallnes, Urnesodden, Krampenes, halvøya Ekkerøya, Golnes, Høyvik, Samuelbyneset, Kiby, Grunnes, Navarsodden, Ørtangen, munninga av Tomaselva, Laksbuneset, Laksebubukta, Andersbyneset, Blåbærnes, Makkenes, Paddebybukta, Finneset, munninga av Jakobselva, Skitenelva, Fálesgohppi, Murgget, Giettáidnjarga, Gassa-njarga, Tjukkenasbukta, Klubbvika, Per Larsa-vik, Spiret, Torvneset, Mortensnes og Handelsneset, Hammarnes, Gazza-njarga, Unjargeahči, Buvre-njárga, Bunes, Struppnjarga, Meskelvneset, Áldda-njárga[4] og Herráidnjárga.[4]

På landbrua ligg Sáttovárri.[4] Området er tradisjonelt kjent som Seidafjellet. Nordover ligg Roavve-várri.

Vassdraga er m.a.

Nordsida av halvøya har mange bratte skrentar mot havet med store flater innanfor.[5]

Reinsdyrflokk ved Hamningberg.

Halvøya er prega av av høgfjellsvegetasjon. Stordelen av halvøya er skoglaus.[6]

I 2004 blei staden utpeika som eit kjerneområde for den utryddingstrua norske fjellreven. I 2008 blei det sett ut 27 fjellrevar på halvøya.[7]

Kulturminne

[endre | endre wikiteksten]

Det er funne ei rekkje offerplassar på halvøya. 49 offerplassar i Varanger vart nemnde av Ørnulv Vorren i Samiske offerplasser i Varanger (1993), inkludert 3 plassar ved Gandvika.[8]

Nærlingsliv

[endre | endre wikiteksten]

Gollevarre siida er ei gruppe personar som driv med reindrift, ein sida.[9]

Varangerhalvøya blir marknadsført som eit attraktiv reisemål som kan tilby både friluftsopplevingar og ulike festivalar.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Varangerhalvøya. Store norske leksikon. Vitja 22. juni 2020
  2. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 206
  3. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 73
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 norgeskart.no. Vitja 25. juni 2020
  5. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 12
  6. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 19
  7. «27 fjellrevar sett ut i Finnmark». 2018-02-17. Klassekampen. S. 9
  8. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 195
  9. Ø. Vorren m. fleire; 1993. Side 14

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Varangerhalvøya