Viv Prince

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viv Prince
PrettyThings1965.jpg
Pretty Things i 1965 i Nederland frå venstre til høgre: Brian Pendleton, John Stax, Dick Taylor, Phil May, Viv Prince
Fødd9. august 1941 (78 år)
FødestadLoughborough i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1961
SjangerRhythm and blues, rock, jazz
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarCarter-Lewis and the Southerners, The Pretty Things, The Jeff Beck Group, The Denny Laine String Band, Lennie Baldwin's Dauphin Six, Twink, McGough & McGear, The Who, The Honeycombs, The Jazz Cardinals, The Bunch of Fives, Chicago Line, VAMP, Kate, Hawkwind, Polly Perkins, Lesley Duncan, The Bulldogs, Vandyke & The Bambis, Chris Barber
Verka somTrommer, perkusjonist

Vivian Martin Prince (fødd 9. august 1941) er ein engelsk trommeslagar. Han spelte i forskjellige band i 1960-åra, som The Pretty Things. Han var kjend for den ville og eksentriske oppførselen sin, som skaffa han mykje publisitet og inspirerte Keith Moon.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Viv Pince byrja ssom musikar i det tradisjonelle jazzbandet Lennie Baldwin's Dauphin Street Six i 1961, som han turnerte med i Danmark og spelte sine første innspelinga med i 1962. Han forlet dei under ein turné i Tyskland og vart med i The Jazz Cardinals. Utan arbeidsløyve måtte han dra attende til London, der han vart kjend som studiomusikar.[1] og spelte på mange popplater på den tidda. Han vart medlem av Carter-Lewis and the Southerners i juni 1963 og spelte inn tre singlar med dei, inkludert hitten «Your Momma's Out of Town», i lag med Jimmy Page. På denne tida vart han den første britiske rockemusikaren som måtte i retten for dopmisbruk. I 1964 vart han overtalt av The Pretty Things om å bli med i bandet deira. Han spelte trommer på dei to første albuma deira, The Pretty Things og Get the Picture?, begge i 1965.

The Pretty Things hamna ofte i pressa på grunn av den ville oppførselen deira, ofte på grunn av Prince. Han var ofte full eller høg på amfetamin og forlet trommesettet og vandra rundt på scenen under konsertane. Ein ung Keith Moon såg fleire Pretty Things-konsertar, der han studerte stilen til Prince.[2] I følgje Jimmy Page var det òg Prince som gav Keith Moon kallenamnet «Moon the Loon», som han var ven med. Han var òg ven med Brian Jones, Dave Davies, John Entwistle, P.J. Proby og The Beatles. På ein turné i New Zealand i august 1965 gjekk han rundt på scenen i ein pillbox-hatt i leopardskinn med ein død hummar på ei snor,[3] og starta opp eld på scenen. Etter ein krangel med besetninga vart han kasta av flyet han skulle ta med resten av bandet attende til England. Etter kvart møtte han sjeldnare og sjeldnare opp på innspelingane deira og banet måtte ringje til andre trommeslagarar for å erstatte han, inkludert Bobby Graham, Mitch Mitchell og Twink. Han var ferdig i The Pretty Things midt i november 1965 då han fekk sparken. Han vart erstatta av Skip Alan.[4]

Etter å ha slutta i The Pretty Things, spelte Prince med The Bunch of Fives og The Denny Laine String Band. Han spelte òg trommer på somme konsertar for The Honeycombs, The Who og Hawkwind, og vart vurdert som trommeslagar for The Jeff Beck Group. Ein periode dreiv han nattklubben The Knuckles i Soho i London, som han hevda var det første øvingslokalet til Jimi Hendrix i England. Prince hevda òg at han føreeslo musikarane som spelte i Jimi Hendrix Experience for Hendrix. Mot slutten av 1960-åra spelte han på plater av Chris Barber (på ei innspeling leia av Paul McCartney), Twink og McGough & McGear (i lag med Jimi Hendrix), i tillegg til singlar av band som VAMP (med Pete Sears og medlemmar av Hutchinson Clark), Kate og ein solosingel, «Light of the Charge Brigade».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: The Pretty Things – The Pretty Things
  • 1965: The Pretty Things – Get the Picture?
  • 1966: Viv Prince – Light of the Charge Brigade / Minuet for Ringo
  • 1966: Chicago Line – Shimmy Shimmy Ko Ko Bop / Jump Back
  • 1966: The Bunch of Fives – I Go Home Baby / At the Station
  • 1968: Vamp – Floatin' / Thinkin' Too Much
  • 1969: Vamp – Green Pea / Wake Up and Tell Me
  • 1969: Kate – Shout It / Sweet Little Thing

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rush, Andy (4 August 2015). «Viv Prince - legendary Pretty Things drummer». Loughborough Echo. Henta 9 December 2016. 
  2. * Neill, Andrew; Kent, Matthew (2009). Anyway, Anyhow, Anywhere: The Complete Chronicle of The Who 1958–78. Sterling Publishing. s. 100. ISBN 978-1-4027-6691-6. 
  3. Stax, Neil & Baker, pp. 39–40
  4. Stax, Neill & Baker, pp. 94–97