Rosalyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosalyn
Singel av The Pretty Things
frå albumet The Pretty Things
B-side Big Boss Man
Utgjeve Mai 1964
Sjanger
Lengd 2:21
Selskap Fontana
Låtskrivar(ar) Jimmy Duncan, Bill Farley
The Pretty Things-kronologi
Rosalyn «Don't Bring Me Down»
(1964)


«Rosalyn» er ein song av det britiske rhythm and blues-bandet The Pretty Things. Han vart gjeven ut som den første singelen deira i 1964 og nådde 41. plassen i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Rosalyn» vart skriven av låtskrivaren Jimmy Duncan, som òg var ein av managerane til The Pretty Things, i lag med Bill Farley, som eigde studioet der bandet spelte inn songen.[1] Songen vart spelt inn som debutsingelen deira på Fontana Records, og vart den første hitten deira. Han nådde 41. plassen på den britiske singellista i januar 1964.[2] Songen vart spelt inn i Bo Diddley-stil.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

David Bowie spelte inn «Rosalyn» og gav han ut på albumet sitt Pin Ups.[3] Han vart gjeven ut på singel av RCA i New Zealand i november 1973, i staden for «Sorrow», som kom ut i resten av verda.[4] B-side var ein versjon av Kinks-songen «Where Have All the Good Times Gone».

I 1972 spelte den britiske rockegruppa Stack Waddy inn songen på albumet deira Bugger Off!.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[5] 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco, CA: Miller Freeman, 2000. 13-18.
  2. Brown, Tony, Jon Kutner & Neil Warwick, The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums, Omnibus Press, London, 2002 p. 795
  3. Strong, Martin C. The Great Rock Discography, 7th Edition. Edinburgh: Canongate, 2004. 180.
  4. «David Bowie 7 Inch Singles Discography Home Page». www.bowie-singles.com. Henta 9. september 2019. 
  5. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 9. september 2019.