We've Only Just Begun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We've Only Just Begun
Singel av The Carpenters
frå albumet Close to You
A-side

«We've Only Just Begun»

B-side

«All of My Life»

Utgjeve 21. august 1970
Innspelt 1970
Sjanger Softrock, tradisjonell pop
Lengd 3:05
Selskap A&M1217
Tekstforfattar Paul Williams
Låtskrivar(ar) Paul Williams; Roger Nichols
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi 
«(They Long to Be) Close to You»
(1970)
We've Only Just Begun «Merry Christmas Darling»
(1970)


«We've Only Just Begun» er ein song og hitsingel av The Carpenters, skriven av Roger Nichols (musikk) og Paul Williams (tekst). Han vart rangert på 405. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen vert ofte nytta i bryllaup.

Songinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg spelt inn av Smokey Roberds, ein ven av Nichols, under namnet «Freddie Allen».[1] Han debuterte i ein fjernsynsreklame med eit bryllaupstema for Crocker National Bank i California vinteren 1970 med Williams på vokal. Hal Riney, som grunnla det San Francisco-baserte reklamebyrået Hal Riney & Partners, besteilte songen for å hjelpe Crocker til å appellere til ungdom. Songen vert spelt medan eit ungt par giftar seg og starta på livet saman. Det er ingen direkte referansar til banken i songen. Reklamen vart særs populær og hjelpte Crocker National.

Richard Carpenter såg potensialet i songen og gjetta på at det var Paul Williams. Begge hadde platekontrakt med A&M records. Carpenter møtte Williams i kontora til plateselskapet og spurte om det fanst ein heil versjon av songen. Det kunne Williams stadfeste. Carpenter valde ut songen som den tredje singelen til Carpenters og tok han med på albumet Close to You.

Singelen vart gjeven ut sommaren 1970 med Karen på solovokal og harmonivokal av begge to. Singelen følgde hitten «(They Long to Be) Close to You» og «We've Only Just Begun» nådde toppen av Cash Box-lista og andreplassen på Billboard Hot 100-lista. Det vart den andre singelen deira som fekk gullplate for ein million selde eksemplar. Han vart av både Karen og Richard rekna som signaturlåten deira.[2] I følgje The Billboard Book of Top 40 Hits låg han sju veker på toppen av Adult Contemporary-lista, det lengste nokon av singlane deira kom til å gjere. Songen hjelpte duoen til å vinne to Grammy-prisar i 1971, den eine for beste nykommar og den andre for beste kontemporære plate av ein duo eller gruppe.

For Williams var songen ein personleg siger. Det var det første samarbeidet med Nichols som hadde ført til ein hitsingel og opna mange dører for han. I 1998 vart innspelinga innlemma i Grammy Hall of Fame for historisk viktige innspelingar.[3]

Songen vart sampla av R&B-songaren Miguel på «How Many Drinks?» frå albumet Kaleidoscope Dream i 2012.

Liste (1970) Plassering
Canadian Singles Chart 1
Oricon (Japansk) 71
UK Singles Chart 28
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Easy Listening 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjende versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pierce, Dave (2008). Riding on the ether express: a memoir of 1960-åra Los Angeles, the rise of Freeform Underground Radio, and the legendary KPPC-FM. Center for Louisiana Studies, ISBN 9781887366779
  2. The Single: 1969–1973
  3. GRAMMY.com, arkivert frå originalen 19. februar 2011, henta 3. februar 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]