Wheels of Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wheels of Fire
Studioalbum av Cream
Språk engelsk
Utgjeve 9. august 1968
Innspelt 1967–1968[1]
Studio
Spelestad Winterland & The Fillmore i San Francisco
Sjanger
Lengd 1:22:24
Selskap Polydor
Produsent Felix Pappalardi
Cream-kronologi 
Disraeli Gears
(1967)
Wheels of Fire Goodbye
(1969)


Singlar frå Wheels of Fire
  1. «White Room»
    Utgjeve: November 1968
  2. «Crossroads»
    Utgjeve: Januar 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[2]
About.com5/5 stars[3]
The Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[4]
MusicHound5/5 stars
Rolling Stone(positiv)[5]
Chicago Tribune4/4 stars[6]
Musician(positiv)[7]

Wheels of Fire er namnet på eit dobbeltalbum innspelt av Cream. Utgjevinga vart ein stor suksess og nådde 3. plass i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og vart det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate.[8]

Albumet vart òg gjeven ut som Wheels of Fire (In the Studio) og Wheels of Fire (Live at the Fillmore) som to single album, gjevne ut i lag, med liknande plateomslag. I 2003 vart albumet rangert på 203. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[9]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at Disraeli Gears kom ut i november 1967, planla Polydor Records og Atco Records, at det tredjealbumet til Cream skulle verte eit dobbeltalbum, der Atco Records-produsenten Felix Pappalardi og gruppa ønskte å ha med fleire konsertopptak.[10]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bandet og Pappalardi hadde i juli og august 1967, spelt inn songar i studio i IBC Studios i London, og i Atlantic Studios i New York City i september og oktober same året.[1] Fleire songar vart spelte inn i studio i Atlantic Studios i januar og februar 1968, under ein pause i turneen deira.[10][1] Månaden etter,[1] tinga Pappalardi eit mobilt platestudio i Los Angeles til the Fillmore og Winterland Ballroom i San Francisco.[10] Ein tok opp seks konsertar i San Francisco, og songar som ikkje kom med på Wheels of Fire kom seinare ut på Goodbye, Live Cream og Live Cream Volume II.[10]

Innspelingane av Wheels of Fire var ein av dei første gongane ein nytta åttespors bandopptakarar på ei tid då firesporsopptakarar var standard.[10] Lydteknikarar på plate ein var Tom Dowd og Adrian Barber, medan konsertopptaka vart fanga til band av Bill Halverson.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Trommeslagaren Ginger Baker var med på å skrive tre av songane for albumet med pianist Mike Taylor. Bassist Jack Bruce skreiv fire songar med diktaren Pete Brown. Gitarist Eric Clapton medverka til albumet med å velje ut coversongane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk 1: In the Studio[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«White Room»Jack Bruce, Pete Brown4:58
2.«Sitting on Top of the World»Walter Vinson, Lonnie Chatmon; arr. Chester Burnett4:58
3.«Passing the Time»Ginger Baker, Mike Taylor4:37
4.«As You Said»Bruce, Brown4:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Pressed Rat and Warthog»Baker, Taylor3:13
6.«Politician»Bruce, Brown4:12
7.«Those Were the Days»Baker, Taylor2:53
8.«Born Under a Bad Sign»Booker T. Jones, William Bell3:09
9.«Deserted Cities of the Heart»Bruce, Brown3:38

Disk to: Live at the Fillmore[endre | endre wikiteksten]

Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Crossroads» (10. mars 1968 i Winterland i San Francisco)Robert Johnson, arr. Clapton4:13
2.«Spoonful» (10. mars 1968 i Winterland i San Francisco)Willie Dixon16:43
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Traintime» (8. mars 1968 i Winterland i San Francisco)Bruce7:01
4.«Toad» (7. mars 1968 i The Fillmore i San Francisco)Baker16:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968–2013) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[11] 1
Kanadiske album (RPM)[12] 1
Kroatiske utanlandske album (IFPI)[13] 25
French Albums (SNEP)[14] 2
Tyske album (Media Control)[15] 15
Norske album (VG-lista)[16] 16
UK Albums (OCC)[17] 3
US Billboard 200[18] 1
US Top R&B Albums (Billboard)[19] 11

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[20] Platina 70 000^
Storbritannia (BPI)[21] Platina 300 000^
USA (RIAA)[22] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Wheels of Fire (Billboard 6f. juli 1968). Cream. United States: Nielsen Business Media, Inc. 1968. 
  2. «Wheels of Fire». AllMusic. Henta 16. juni 2018. 
  3. «History of Cream». about.com. Henta 16. juni 2018. 
  4. Larkin, Colin (2013). «Cream: Albums». The Virgin Encyclopedia of Popular Music. Random House. eBook. ISBN 978-1448132744. 
  5. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 16. juni 2018. 
  6. «It's A Roller-coaster Career From Blues To Pop And Back». 
  7. «Wheels of Fire - Product Reviews - Musikar». cduniverse.com. Henta 27. mai 2018. 
  8. «Cream - the Band». BBC. 20 September 2000. 
  9. Wheels of Fire Arkivert 2010-04-10 ved Wayback Machine., Rolling Stone.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Schumacher, Michael (1995). «Chapter 4: Power Trio (1966-68)». Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton (1st utg.). New York City, New York: Hyperion. s. 96–100, 102. ISBN 078686074X. 
  11. Kent, David. Australian Chart Book 1940–1969. ISBN 0-646-44439-5. 
  12. «RPM – Item Display: Top Albums/CDs – Volume 10, No. 7, October 14, 1968» (.Php). Library and Archives Canada. 31. mars 2004. Henta 16. juni 2018. 
  13. "Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 16. juni 2018.
  14. «Tous les Albums classés par Artiste > «Cream» > "Ok». InfoDisc.fr. Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 16. juni 2018. 
  15. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 16. juni 2018.
  16. "Cream – Wheels of Fire". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
  17. «Top 40 Official UK Albums Archive: 14th September 1968». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 16. juni 2018. 
  18. «Top LP's». Billboard Magazine: 57. 10. august 1968. 
  19. «Wheels of Fire – Cream – Awards». AllMusic. Henta 16. juni 2018. 
  20. «Australian Fun Countdowns: Accreditation Awards». Warner Music Sales International. BMI Music International. Henta 16. juni 2018. 
  21. «Made A Rock Culture». Billboard Magazine. Nielsen Business Media, Inc. 16. november 1968. Henta 16. juni 2018. 
  22. «Facebook Pictues for Cream – Band». Facebook. Henta 16. juni 2018. «It was the first platinum selling double album, and worthy of its inclusion in uDiscover's list of their favourite double albums.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]