John Mayall & the Bluesbreakers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Mayall & the Bluesbreakers
Opphav London, England
Sjanger Blues, bluesrock
Aktive år 1963–1970, 1982–2008
Tilknytte artistar Canned Heat, Fleetwood Mac, Cream, Eric Clapton and the Powerhouse
Plateselskap Decca
Deram
Nettstad www.johnmayall.com

John Mayall & the Bluesbreakers er eit engelsk bluesband leia av songaren, låtskrivar og multi-instrumentalisten John Mayall. Mayall brukte bandnamnet mellom 1963 og 1967, men droppa det så i kring 15 år. I 1982 tok han attende namnet fram til bandet vart oppløyst i 2009. Namnet har vorte generisk, og det er vanskeleg å skilje kva innspelingar som skal tilskrivast berre leiaren og til leiaren og bandet hans. Av musikarar som har spelt i The Bluesbreakers finn ein mellom andre:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet som utvikla seg til å bli The Bluesbreakers i 1965[1] vart danna i mars 1963 og hadde ei stadig skiftande besetning av meir enn 100 forskjellige kombinasjonar av musikarar som spelte i lag under dette namnet.[2] Eric Clapton kom med i april 1965 berre nokre få månader etter det første albumet deira kom ut. Clapton førte gitarbasert blues inn i bandet. Han hadde slutta i The Yardbirds for å konsentrere seg om bluesen.

Den første singelen som John Mayall og bandet hans gav ut, i mai 1964, var songen «Crawling Up a Hill» med «Mr. James» som B-side. Bandet på singelen var Peter Ward, John McVie på bass, Bernie Watson på gitar og Martin Hart på trommer.[3] Etter singelen kom ut, vart Bernie Watson erstatta av Roger Dean og Martin Hart vart erstatta av Hughie Flint. Denne besetninga spelte med Mayall på John Mayall Plays John Mayall. Etter dette gav bandet ut ein singel kalla «Crocodile Walk» med «Blues City Shakedown» som B-side. Singelen vart produsert av Decca-produsenten Tony Clarke.[4] Roger Dean slutta så i gruppa og vart erstatta av Eric Clapton.[5]

Gruppa mista platekontrakten sin med Decca det året, då dei òg gav ut ein singel kalla «I'm Your Witchdoctor» (produsert av Jimmy Page) i oktober 1965, den første som John Mayall & The Bluesbreakers,[1] før dei kom attende til Decca i 1966. I august 1966 gav John Mayall & Eric Clapton ut singelen «Lonely Years» med B-sida «Bernard Jenkins»,[1] som kom ut på Purdah Records.[6] Albumet Blues Breakers with Eric Clapton kom ut i juli;[1] det nådde topp 10 på albumlista i Storbritannia.

Kort tid etter Blues Breakers with Eric Clapton drog Eric Clapton for å sjå ein konsert med Buddy Guy, og vart så imponert av denne trioen, at han fekk ideen om å danne Cream. Han slutta då for å starte denne nye gruppa med Ginger Baker og Jack Bruce.[7] Clapton vart erstatta av Peter Green for A Hard Road, før han slutta for å starte Fleetwood Mac.

Mick Taylor kom så med i gruppa og dei spelte inn Crusade den 12. juli 1967. Kort tid etter, slutta McVie for å bli med i Fleetwood Mac og vart erstatta av Tony Reeves for albumet Bare Wires, som vart den høgaste listeplasseringa deira i Storbritannia. Taylor slutta så for å bli med i The Rolling Stones og namnet «Bluesbreakers» vart droppa frå albuma til John Mayall.

Då 1960-åra var over, hadde the Bluesbreakers omsider fått noko suksess i USA.

Joe Yuele, trommeslagar i bandet i 2008.

Med somme avbrot har the Bluesbreakers halde fram å turnere og gje ut album (over 50 så langt), men har aldri oppnådd den same suksessen som dei hadde i 1960-åra. I 2003 kom Eric Clapton, Mick Taylor og Chris Barber attende til bandet for John Mayall 70-årsdagskonsert i Liverpool. Konserten vart gjeven ut på både CD og DVD. I 2004 bestod besetninga av Buddy Whittington, Joe Yuele, Hank Van Sickle og Tom Canning, og bandet turnerte i Storbritannia med Mick Taylor som gjestemusikar.

I november 2008 annonserte Mayall på nettsida si at han oppløyste the Bluesbreakers for å kutte ned på det harde arbeidet og gje seg sjølv meir fridom til å arbeide med andre musikarar. I 2009 turnerte han solo med Rocky Athas (tidlegare frå Black Oak Arkansas).[8]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Originale album[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: John Mayall Plays John Mayall (Decca) [live, desember 1964]
  • 1966: Blues Breakers with Eric Clapton (Decca) UK No. 6
  • 1967: A Hard Road (Decca) UK No. 10
  • 1967: Crusade (Decca) UK No. 8
  • 1967: The Blues Alone (Ace of Clubs) UK No. 24
  • 1968: The Diary of a Band - Volume One (Decca) [live] UK No. 27
  • 1968: The Diary of a Band - Volume Two (Decca) [live] UK No. 28
  • 1968: Bare Wires (Decca) UK No. 3
  • 1968: Blues from Laurel Canyon (Decca) UK No. 33
  • 1969: Looking Back (Decca) [1964-1967]
  • 1969: The Turning Point (Polydor) [live] UK No. 11
  • 1970: Empty Rooms (Polydor) UK No. 9
  • 1970: USA Union (Polydor) UK No. 50
  • 1971: Back to the Roots (Polydor, 2LP) UK No. 31
  • 1971: Thru the Years (Decca) [1964-1968]
  • 1971: Memories (Polydor)
  • 1971 (<-1968): John Mayall - Live in Europe (London PS 589) [a US 2LP release of The Diary of a Band Vol. 2 + a Best of]
  • 1972: Jazz Blues Fusion (Polydor) [live, US, November - December 1971]
  • 1973: Moving On (Polydor) [live, US, July 1972]
  • 1973: Ten Years Are Gone (Polydor, 2LP/December 2008 2CD reissue) [studio + live New York 1972]
  • 1974: The Latest Edition (Polydor)
  • 1975: New Year, New Band, New Company (ABC - One Way)
  • 1975: Notice to Appear (ABC - One Way)
  • 1976: Banquet in Blues (ABC - One Way)
  • 1977: Lots of People (ABC - One Way) [live Los Angeles, November 1976]
  • 1977: A Hard Core Package (ABC - One Way)
  • 1977: Primal Solos (Decca) [live 1966 and 1968, UK]
  • 1978: The Last of the British Blues (ABC - One Way) [live US]
  • 1979: Bottom Line (DJM)
  • 1980: No More Interviews (DJM)
  • 1982: Road Show Blues (DJM), reissues:
  • 1985: Return of the Bluesbreakers (AIM Australia) [1981 and 1982]
  • 1985: Behind the Iron Curtain (GNP Crescendo) [live Hungary], reissue:
  • 1987: Chicago Line (Entente - Island), reissues:
  • 1988: The Power of the Blues (Entente) [live Germany 1987], reissues:
  • 1988: (<-1971) Archives to Eighties (Polydor)
  • 1990: A Sense of Place (Island)
  • 1992: Cross Country Blues (One Way) [1981 and 1984]
  • 1993: Wake Up Call (Silvertone) UK No. 61
  • 1993: New Bluesbreakers (The Blues Collection 8)
  • 1994: Uncle John's Nickel gitar
  • 1994: The 1982 Reunion Concert (One Way) [live, US]
  • 1995: Spinning Coin (Silvertone)
  • 1995: Why Worry
  • 1997: Blues for the Lost Days (Silvertone)
  • 1997: [Bluesbreaker]
  • 1999: Padlock on the Blues (Eagle)
  • 1999: Rock the Blues Tonight (Indigo) [live 2CD 1970 and 1971, Canada]
  • 1999: Live at the Marquee 1969 (Eagle) [live '69, London]
  • 1999: The Masters (Eagle) [live 2CD, UK 1969]
  • 1999: Live:1969 (Eagle), reissue:
  • 1999: Blues Power (with bonus CD Life in the Jungle - Charly Blues Masterworks Vol.4)
  • 2000: Blues Breaker (with two bonus spor)
  • 2000: Lost and Gone
  • 2001: Reaching for the Blues
  • 2001: Along for the Ride (Eagle/Red Ink)
  • 2002: Stories (Eagle/Red Ink)
  • 2003: Rolling with the Blues (Secret-Shakedown then Recall in 2005) [live 1972 and 1973 and 1980 and 1982, various countries, 2CD + DVD interview], reissue:
  • 2003: Blues Forever (Fuel)
  • 2003: 70th Birthday Concert (Eagle) [live in Liverpool]
  • 2004: The Turning Point Soundspor
  • 2004: Steppin' Out
  • 2005: Road Dogs (Eagle)
  • 2006: Godfather of the Blues
  • 2006: The Private Collection (Snapper 2CD)
  • 2007: Big Man
  • 2007: Live at the BBC (Decca) [1965, 1967 and 1975]
  • 2007: In the Palace of the King (Eagle)
  • 2007: Live from Austin, Tx (NW Records) [live 1993]
  • 2009: Tough (Eagle)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Eric Clapton Lyric Archive - Search By Album». Eric-clapton.co.uk. Henta 1. mai 2015. 
  2. The Complete Rock Family Trees, Omnibus Press (Dec 1983, ISBN 978-0-7119-0465-1) lists 109 different lineups
  3. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 134. CN 5585. 
  4. «John Mayall And The Bluesbreakers - Crocodile Walk». YouTube. 8 July 2008. Henta 1. mai 2015. 
  5. «Roger Dean - Bluesbreaker, Bluejay, gitarist and more - Timeline». Rogerdean.info. 16 March 1943. Henta 1. mai 2015. 
  6. «Artists: J». 45-rpm.org.uk. 10 February 1910. Henta 1. mai 2015. 
  7. Clapton, Eric (2007). Clapton: The Autobiography. Broadway. 
  8. «Newsletter». John Mayall. Henta 1. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]