Sunshine of Your Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunshine of Your Love
Singel av Cream
frå albumet Disraeli Gears
B-side

«SWLABR»

Utgjeve Januar 1968[1]
Innspelt Mai 1967 i Atlantic Studios i New York City i New York[2]
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 3:03[3]
Selskap Atco
Tekstforfattar Eric Clapton
Låtskrivar(ar) Pete Brown, Jack Bruce, Eric Clapton
Produsent Felix Pappalardi[2]
Cream-kronologi 
«Spoonful»
(November 1967)
Sunshine of Your Love «Anyone For Tennis»
(Mai 1968)


«Sunshine of Your Love» er ein song av den britiske supergruppa Cream. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet Disraeli Gears i november 1967,[2] og vart sidan gjeven ut som singel i januar 1968.[1] Det var den einaste singelen til Cream som gav dei gullplate i USA.[4] Songen har eit særeige gitar/bassgitarriff og ein hylla gitarsolo av Eric Clapton.[5][6][7] Songen er skriven av bassisten Jack Bruce, tekstforfattaren Pete Brown og Clapton.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Utviklniga av songen byrja då Bruce og Clapton var på ein konsert med Jimi Hendrix i Saville Theatre i London. Etter konserten gjekk Bruce heim og skreiv riffet som går gjennom heile songen.[8] Det meste av teksten til «Sunshine of Your Love» vart skriven på ein kveld. Bruce sa: «Eg tok opp kontrabassen min og byrja å spele riffet. Pete såg ut vindauget og sola var på veg opp. Han skreiv 'It's getting near dawn and lights close their tired eyes…'»[9] Clapton skreiv seinare mellomspelet til songen, som òg gav songen tittelen..[8]

Gitartonen til Clapton er skapt på hans Gibson SG frå 1964 og ein Marshallforsterkar. Ein trur òg at han nytta ein Vox Clyde McCoy Picture Wah. Under soloen spelar Clapton opningslinjene frå popstandarden «Blue Moon», som skapar ein kontrast mellom sola og månen.

Trommeslagaren Ginger Baker skal ha kome opp med tempoet i songen, som var basert på afrikansk tromming.[8] Lydteknikar Tom Dowd hevdar seinare det var hans om foreslo trommepartiet, men Baker insisterer på at det var han sjølv som laga trommemønsteret, utan at han vart tilskriven for songen, «ikkje ein gong eit takk!»[10]

Det amerikanske plateselskapet til Cream, Atlantic, likte opphavleg ikkje songen og ville ikkje gje han ut, men folk i Atlantic endra meining då Booker T. Jones (frå Booker T. & the M.G.'s) sa at han likte songen.[8]

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta i mange filmar, som School of Rock, Goodfellas, Uncommon Valor og True Lies. Opningsriffet finst òg mot slutten av Futurama-episoden «The 30% Iron Chef». Riffet finst òg i The Simpsons-episode «Mother Simpson». I filmen The Breakfast Club frå 1985 spelar rolla John Bender luftgitar til opningsriffet. Songen er spelbar i spelet Gitar Hero III: Legends of Rock.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart songen rangert på 65. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[11] I mars 2005 plasserte Q «Sunshine of Your Love» på 19. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. I 2009 vart han kåra til den 44. beste hardrocksongen på VH1.[12] Songen er òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.[13]

Soloversjonar[endre | endre wikiteksten]

Jack Bruce har spelt songen live på Free Trade Hall i Manchester i 1975 og gav han ut på Live '75.[14] Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Cities of the Heart og vart framført på konserten for 50-årsdagen til Jack i 1993.[15]

Jack Bruce spelte òg songen med Peter Frampton på gitar på Ringo Starr All-Starr Band-turneen i 1997-1998.

På Jack Bruce-album Shadows in the Air vert songen spelt med Eric Clapton på gitar.[16]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jimi Hendrix spelte «Sunshine of Your Love» fast på konsertane sine i 1968 og 1969, der han nytta skrikande gitarriff i staden for teksten og endar songen med å dramatisk sakke ned tempoet til han stoppar opp, i tillegg til at han nytta tema frå andre Cream-songar som «Outside Woman Blues». Ein kan finne innspelingar av songen på Experience Vol. 1, The Last Experience Concert: Live at the Royal Albert Hall, samt Valleys of Neptune.

Blood, Sweat & Tears nytta riffet i songen deira «Blues Part II» og acappella-songaren Bobby McFerrin spelte inn ein versjon av songen på albumet Simple Pleasures (1988), der han etterliknar gitarsoloen til Clapton med stemma si og nokre vokaleffektar. Ella Fitzgerald spelte òg inn songen i 1968. The 5th Dimension spelte songen på The Age of Aquarius. Ein versjon (med ein meir seksuell ladd tekst) vart framført av Frank ZappaThe Best Band You Never Heard in Your Life.

Living Colour spelte inn songen i 1994 for True Lies soundtrack, som òg finst på samelalbumet deira Everything Is Possible: The Very Best of Living Colour frå 2006.

«Sunshine of Your Love» vart spelt som ein skank-song av Bim Skala BimTuba City i 1989.

Hardcore-bandet Earth Crisis gav ut ein konsertversjon av songen på albumet deira Forever True.

Songen vart spelt av Ozzy Osbourne på albumet hans Under Cover i 2005.

Tidlegare Kyuss-trommeslagar Brant Bjork spelte songen med bandet sitt Brant Bjork and the BrosSaved by Magic.

Riffet vert nytta mot slutten av støydelen av «Dead Bob» av Nomeansno på albumet Sex Mad.

Funkadelic spelte songen på albumet By Way of the Drum i 1984, men albumet kom ikkje ut før i 2007.

Trini Lopez spelte «Sunshine Of Your Love» på albumet The Whole Enchilada (Reprise 6337).

Songen vart spelt av hardrockbandet Goo Goo Dolls på debutalbumet deira.

Ein rapcore-versjon vart spelt inn av Thousand Foot Krutch.

Toto spelte inn songen i 2002 for albumet Through the Looking Glass.

Elvis Costello og The Police spelte «Sunshine of Your Love» på Costello-showet Spectacle: Elvis Costello with....

Carlos Santana spelte songen i 2001 på Guitar Heaven: The Greatest Guitar Classics of All Time. Med seg har han Rob Thomas frå Matchbox Twenty på vokal.

Mahavishnu Orchestra nytta hovudriffet på songen «Dream» på konsertalbumet Between Nothingness and Eternity i 1973.

Den japanske gitaristen og songaren Tomoyasu Hotei spelte songen for GUITARHYTHM V i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Strong, Charles (2002) [Originally published in 1994]. The Great Rock Discography (Sixth utg.). United Kingdom: Canongate Books. s. 323. ISBN 1841953121. 
  2. 2,0 2,1 2,2 (1967) Plateomslagstekst for Disraeli Gears av Cream, s. 2 [CD liner]. Storbritannia: Polydor Records (31453 1811-2).
  3. Atco Records Single 45-6544
  4. RIAA Certification Search Set Format to "SINGLe" and type "Cream" under Artist to see results.
  5. [1]
  6. [2]
  7. [3] Klikk Eric Clapton for å sjå rangering.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Schumacher, Michael (1995). «Chapter 4: Power Trio (1966-68)». Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton (1st utg.). New York City, New York: Hyperion. s. 89, 90. ISBN 078686074X. 
  9. «The Birth of Rock». Seven Ages of Rock. Serie 1. BBC. BBC2. 
  10. Moormann, Mark. Tom Dowd and the Language of Music. 2003, Language of Music Films.
  11. Jann S. Wenner, red. (December 9, 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner) (963). Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 12. mars 2011. 
  12. «spreadit.org music». Henta February 7, 2009. 
  13. «The 500 Songs That Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 10. april 2010. Henta 12. mars 2011. 
  14. http://www.jackbruce.com/2008/Music/Albums/live_75.htm
  15. http://www.jackbruce.com/2008/Music/Albums/cities_of_the_heart.htm
  16. http://www.jackbruce.com/2008/Music/Albums/shadows_in_the_air.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]