Willy van de Kerkhof
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Wilhelmus Antonius van de Kerkhof | ||
Fødd | 16. september 1951 (73 år) | ||
Fødestad | Helmond i Nederland | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1970–1973 1973–1988 |
Twente PSV Eindhoven |
95 (14) 418 (57) | |
Totalt | 511 (71) | ||
Landslag | |||
1973–1986 | Nederland | 63 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Wilhelmus Antonius van de Kerkhof, nemnd Willy van de Kerkhof, (fødd 16. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, kjend for sine mange år som midtbanespelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren René van de Kerkhof var landslagsspelar.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Resten av si tid som aktiv tente han PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Deretter venta ti sesongar utan pokalfangst, heilt til han la opp i 1988.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Kerkhof fekk sin landslagsdebut 5. juni 1974 og fekk plass i VM-troppa 1974, utan å få speletid i meisterskapen. Under Fotball-VM 1978 i Argentina spelte han alle kampane då Nederland tok seg til VM-finale, ein kamp som etter ekstraomgangar enda med siger 3-1 for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 63 landskampar, den siste i oktober 1985. Han skåra fem mål for Nederland.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av UEFA-cupen: 1978 med PSV Eindhoven
- Nederlandsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med PSV Eindhoven
- Nederlandsk cupmeister: 1974 og 1976 med PSV Eindhoven
- VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
- EM-bronse: 1976 for Nederland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Willy van de Kerkhof» frå Wikipedia på tysk, den 25. april 2020.