Yngve Sundvor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yngve Sundvor
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1968 (55 år)
Yrke manusforfattar, sceneinstruktør, skodespelforfattar

Yngve Sundvor (fødd 14. mai 1968) er ein norsk sceneinstruktør, regissør og manusforfattar. Han voks opp i Norheimsund i Hardanger, og er utdanna ved Det russiske akademiet for scenekunst i Moskva. Han har sidan laga eit førtitals produksjonar både i Noreg og utanlands. Yngve Sundvor har fleire gonger handsama og iscenesett tekstane til Knut Hamsun.

I perioden 2001-2003 markerte Sundvor seg som kunstnarisk leiar for «Utan filter»-prosjektet ved Det Norske Teatret, eit dogmeteaterprosjekt han dreiv saman med regissør og produsent Odd Christian Hagen - i eit ensemble som særleg satsa på nyskriven norsk dramatikk og med ein fast kjerne av skodespelarar. «Utan filter» var skodespelarbasert teater med minimal scenografi – mest mogleg frigjort frå teatermaskineriet og med fantasien, skodespelarane og tilskodarane som sin viktigaste ressurs.

Verk regisserte av Sundvor[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]