You av Robin Stjernberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«You»
Singel av Robin Stjernberg
frå albumet Pieces
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 24. februar 2013
Sjanger Pop
Lengd 3:04
Selskap Lionheart Music Group
Låtskrivar(ar) Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas
Robin Stjernberg-kronologi
«Scars»
(2013)
«You» «Crime»
(2013)


«You» (engelsk for Deg) var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Robin Stjernberg. Songen er skriven av Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas, og vart gjeven ut 24. februar 2013 på albumet Pieces.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

«You»
Melodifestivalen 2013
Land Sverige
Artist(ar) Robin James Olof Stjernberg
Alias Robin Stjernberg
Språk Engelsk
Komponist(ar) Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas
Låtskrivar(ar) Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas
Resultat
Plass Semifinale 4: 3
Andresjansen: 2
Finalen: 1

Stjernberg deltok i Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og framførde songen «You» på engelsk. Bidraget deltok i den fjerde semifinalen, enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen. I andresjansen fekk bidraget andreplass og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til finalen. Bidraget fekk flest poeng av juryen og nest flest poeng av fjernsynssjarane. «You» vann dimed finalen og fekk representere Sverige. Det er det fyrste og førebels einaste bidraget i Melodifestivalen som har gått vidare frå andresjansen og vunne tevlinga.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«You»
ESC2013 - Sweden 03.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Noreg
Artist(ar) Robin James Olof Stjernberg
Alias Robin Stjernberg
Språk Engelsk
Komponist(ar) Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas
Låtskrivar(ar) Robin Stjernberg, Linnea Deb, Joy Deb og Joakim Harestad Haukaas
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 62
Finaleplass 14
Noreg i Eurovision Song Contest
«Euphoria»
(2012)
«You»

Sverige var vertsland å ha vunne Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan og var dimed direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, der landet enda på 14. plass med 62 poeng; tolv frå Noreg, åtte frå Danmark, seks frå Slovenia, fem frå Moldova og Irland, fire frå Finland, Island, Latvia og Bulgaria, tre frå Tyskland og Nederland og eitt frå Belgia, Estland, Kroatia og Serbia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med ei rangering på 16,19 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 8,05. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1]

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Digital nedlasting
  1. You – 3:04

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 61
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 78
Danmark (Chartbase Top 100)[4] 25
Tyskland (Media Control AG)[5] 58
Irland (IRMA)[6] 31
Finland (Suomen virallinen lista)[7] 25
Nederland (Mega Single Top 100)[8] 42
Sverige (Sverigetopplistan)[9] 1
UK Singles (Official Charts Company)[10] 72
UK Indie (Official Charts Company)[11] 11

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]