Alcohol Is Free

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Alcohol Is Free»
Singel av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi
frå albumet Keep Up The Rythm
Land Hellas
Språk Engelsk og gresk
Lengd 2:58
Selskap Platinum Records
Låtskrivar(ar) Státhis Pakhídis
Produsent Koza Mostra

«Alcohol Is Free» (gresk Το αλκοόλ είναι δωρεάν, To alkoól eínai doreán, engelsk for Alkohol er gratis) er det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk og gresk av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi. Songen er skriven av Státhis Pakhídis.

EUROSONG 2013 - a MAD show[endre | endre wikiteksten]

Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) og MAD TV valte ut fire bidrag, mellom dei «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi, som fekk delta i EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tre, etter «Angel» av Alex Leon og Giorgina og før «Xílies kai mía níkhtes» av Aggelikí Iliádi. Bidraget vann og vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«Alcohol Is Free»
ESC2013 - Greece 06.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Hellas
Artist(ar) Koza Mostra og Agáthonas Iakovídi
Språk Engelsk og gresk
Komponist(ar) Státhis Pakhídis
Låtskrivar(ar) Státhis Pakhídis
Resultat
Hellas i Eurovision Song Contest
«Aphrodisiac»
(2012)
«Alcohol Is Free» «Rise Up»
(2014)

Etter sigeren i EUROSONG 2013 - a MAD show vart det klårt at «Alcohol Is Free» vil representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Hellas vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer ni, etter Island med «Ég á líf» av Eythor Ingi og før Israel med «Rak bishvilo» av Moran Mazor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Feil i uttrykket: Ukjent ord, «alcohol»

Mal:Greske songar i Eurovision Song Contest