O mie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«O mie»
Singel av Aliona Moon
Land Moldova
Språk Rumensk
Låtskrivar(ar) Pasha Parfeny og Iuliana Scutaru

«O mie» (rumensk for 'Tusen'), tidlegare «A Million» (engelsk for 'Ein million'), var det moldovske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen var skriven av Pasha Parfeny og Iuliana Scutaru og vart framført på rumensk av Aliona Moon.

O melodie pentru Europa 2013[endre | endre wikiteksten]

24 bidrag vart valt ut av TeleRadio Moldova (TRM) delt inn i to ulike semifinalar i O melodie pentru Europa 2013, den moldovske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Aliona Moon fekk delta med den engelskspråklege songen «A Million».

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter «You'll Be Mine» av Vitalie Negruţă og før «Amadeus» av Ruslan Ţaranu. Bidraget enda på andreplass med 19 poeng, sju frå fjernsynssjåarane og 20 frå juryen, og gjekk vidare til finalen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 14, etter «Codename Felice» av Felicia Dunaf. Bidraget fekk totalt 22 poeng, ti frå fjernsynssjåarane og tolv frå juryen, og vann tevlinga. På eit møte på hovudkontoret til TRM 18. mars 2013 vart det stadfesta at ein ville endre songteksten frå engelsk til rumensk.[1] Den rumenske versjonen av songen fekk tittelen «O mie».[1]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

«O mie»
ESC2013 - Moldova 09.jpg
Eurovision Song Contest 2013
Land Moldova
Artist(ar) Aliona Moon
Språk Rumensk
Komponist(ar) Pasha Parfeny
Låtskrivar(ar) Iuliana Scutaru
Resultat
Moldova i Eurovision Song Contest
«Lăutar»
(2012)
«O mie»

Etter sigeren i O melodie pentru Europa 2013 vart det klårt at «O mie» av Aliona Moon ville representere Moldova i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Moldova vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tolv, etter Kviterussland med «Solayoh» av Alena Lanskaja og før Irland med «Only Love Survives» av Ryan Dolan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Moldova: Aliona Moon to perform in Romanian in Malmö» (engelsk). ESCToday. 18. mars 2013. Henta 23. mars 2013. 

Mal:Moldovske songar i Eurovision Song Contest