Kiryat Shmona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°12′27″N 35°34′11″E
Kiryat Shmona
קִרְיַת שְׁמוֹנָה, קריית שמונה, Qiryat Shemona
by
Qiryat Shemona 2007.JPG
Kiryat Shmona i 2007
Våpenskjold
Namneopphav: Byen av dei åtte
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°12′27″N 35°34′11″E
Areal 9,96 km²
Folketal 23 100 (2007) [1]
Folketettleik 2 319 / km²
Grunnlagd Mai 1949
 - Bystatus 1975
Borgarmeister Nissim Malka
Postnummer 12100
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kiryat Shmona

Kiryat Shmona (hebraisk קִרְיַת שְׁמוֹנָה) er ein by i Nord distrikt i Israel på vestsida av Huladalen ved grensa til Libanon. Byen vart kalla opp etter dei åtte personane, inkludert Joseph Trumpeldor, som døydde i 1920 då dei forsvarte Tel Hai.

I dag er er kring ein tredjedel av dei 23 100 innbyggjarane i Kiryat Shmona[1] under 19 år gamle, og dei fleste av innbyggjarane er jødar, særleg av marokkansk opphav. Han ligg nær Israel-Libanon-grensa og er den nordlegaste byen i Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Shmona frå Tel Hai.

Byen Kiryat Shmona vart grunnlagd i mai 1949[2] der den tidlegare beduin-landsbyen Al-Khalisa låg. Innbyggjarane her flykta frå landsbyen etter at Israel erobra Safed under den arabisk-israelske krigen i 1948.[3] I starten vart han nytta som ein transittleir for jødiske emigrantar og flyktningar som hovudsakleg dreiv med gardsbruk. I 1953 vart han klassifisert som ein utviklingsby.[4]

Sidan Kiryat Shmona ligg så nær Libanon, har han vore utsett for mange rakettåtak frå andre sida av grensa.

Den 11. april 1974 sende Folkefronten for frigjeringa av Palestina tre medlemmar over grensa frå Libanon til Kiryat Shmona. Dei tok livet av atten innbyggjarar i ei bustadblokk, inkludert mange barn, før dei sjølv vart drepen. Hendinga vart kjend som Kiryat Shmona-massakren.[5]

Byen vart utsett for fleire åtak etter dette, mellom anna med Katyusha-rakettar frå PLO i juli 1981,[6] eit Katyusha-åtak av PLO i mars 1986 (drap ein lærar og skadde fire elevar og ein vaksen),[7][8][9] og ytterlegare Katyusha-ptak av Hizbollah i 1996 unders Operasjon Vredens druer.[10] Innbyggjarane leid under nesten daglege åtak frå midten av 1970-åra til 2000, då det israelske forsvaret forlet Libanon.

Det var relativt fredleg i byen frå 2000 til 2006, men måtte tåle høge smell kvar månad på grunn av luftvernskanonar frå Hizbollah avfyrte mot israelske krigsfly som flydde over den israelsk-libanesiske grensa.

Under Libanonkrigen i 2006 vart byen igjen mål for Hizbollah sine Katyusha-rakettar. Dei fleste innbyggjarane forlet byen under krigen, og dei 5 000 som var att, heldt seg i bomberomma, og byen vart ein spøkjelsesby.[11] Under krigen trefte i alt 1 012 Katyusha-rakettar Kiryat Shmona.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Shmona ligg på Galileastripa like ved Huladalen, kring 5 km sør for og 2 km aust for den israelsk-libanesiske grensa. Han ligg kring 150 meter over havet.[2]

Jordskjelv[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg over Daudehavsforkastinga og som følgje av dette er han ein av dei byane i Israel som har størst risiko for jordskjelv (i lag med Safed, Beit She'an, Tiberias og Eilat).[12]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Shmona er den minste byen i Israel med eit topplag i den øvste divisjonen i israelsk fotball, Hapoel Ironi Kiryat Shmona. Klubben vart danna då Hapoel Kiryat Shmona og Maccabi Kiryat Shmona vart slått saman i 2000. Klubben rykka opp i øvste divisjon for første gong i 2007 og vart ligameister i 2011-2012.

Tennis er òg ein populær idrett i Kiryat Shmona.

Panorama av sentrum av Kiryat Shmona.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Shmona er venskapsby med

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Kiryat Shemona frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 13. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Vilnai, Ze'ev (1979). «Kiryat Shmona». Ariel Encyclopedia. Volume 7. Israel: Am Oved. s. 7111–12.  (he)
  3. Morris, Benny (2004). The Birth of the palestinsk Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. s. 250–251. 
  4. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal – Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 852. ISBN 965-448-413-7.  (he)
  5. «Modern Israel & the Diaspora (1970–1979)». Jewish Virtual Library. Henta 13. oktober 2014. 
  6. «The Daily News – July 1981». The Eighties Club. Henta 13. oktober 2014. 
  7. «Yearbook of the United Nations 1986 – Volume 40». Dei sameinte nasjonane. 31. desember 1986. Arkivert frå originalen April 24, 2008. Henta 13. oktober 2014. 
  8. «World Notes Middle East». Time Magazine. April 7, 1986. Henta 13. oktober 2014. 
  9. Friedman, Thomas L. (March 28, 1986). «New Rocket Casualties». New York Times. Henta 13. oktober 2014. 
  10. «The History Guy: The Israel-Lebanon Conflict (1978–present)». Henta 13. oktober 2014. 
  11. Slier, Paula (2006-07-20). «An eerie silence in Kiryat Shmona». Jpost.com. Henta 29. september 2014. 
  12. Experts Warn: Major Earthquakes Could Hit Israel Any Time av Rachel Avraham, for United With Israel Dato: 22. okt. 2013