Åsnes Glassverk
64°18′27.0″N 011°13′20.9″E / 64.307500°N 11.222472°E Åsnes glassverk eller Aasnæs glasværk vart grunnlagd av J. C. Vogelsang og W. Schilliås i 1813 på Sjøåsen i det som vart Beitstad kommune og i dag Namdalseid kommune. Glasverket var i drift i 70 år, fram til 1883. Da Aasnæs glasværk hadde si stordomstid arbeidde det mange glasblåsarar der. Desse kom mellom anna frå glasverk på Austlandet, i Sverige og Tyskland. Det låg ikkje langt frå Holmen Glassverk.
Produksjonen omfatta mellom anna kavl som var merka AASNÆS[1]
Folk i bygda vart indirekte sysselsette i form av vedsanking til dei store smelteomnane på verket. Seinare vart det nytta torv til fyring. Hovudhuset på glasverket vart bygd i 1840 og står framleis der.
I dag[endre | endre wikiteksten]
I dag er eit nytt foretak med namnet Aasnæs værk lokalisert på området. Hovudhuset blir i dag nytta til gjestebod og arrangement av ulike slag. Det vert produsert smykke, lampar og pyntegjenstandar i form av fusing. Glassgalleriet er ope for besøk.
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Hanssen, Inger Marie. 2010. Glasblåsere og andre folk på Aasnæs Glasværk, inn- og utflyttinger i Gamle Beitstaden.
- Nord-Trøndelags historielags årbøker
- Aasnæs Glasværk. Sjå Holien 1986:33. Sjå By 1946:51
- Vogelsang, J.C.. Sjå Holien 1985:95
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Aasnæs glassverk i dag Arkivert 2010-11-25 ved Wayback Machine.
- Kvinnene på Sjøåsen Arkivert 2016-06-21 ved Wayback Machine.
- Glassblåsarar på Åsnæsset Arkivert 2013-05-27 ved Wayback Machine.
- Ancestors til Johannes Severin Simonsen
- Kavl Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.