Île Anvers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île Anvers
øy
Land  Antarktis
Øygruppe Antarktiske Arkipel
Del av Antarktiske Arkipel
Stad Antarktis
 - koordinatar 64°33′S 63°35′W
Lengd 61 km
Areal 2 432 km²
Folketal ~50
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Île Anvers
64°36′ S 63°30′ W
Île Anvers is located in Antarktis
Île Anvers (Antarktis)
Wikimedia Commons: Anvers Island

Île Anvers, Anvers Island, Antwerp Island, Antwerpen Island eller Isla Amberes er ei høg, fjellendt øy i Antarktiske Arkipel. Ho er 61 km lang og den største øya i øygruppa og ligg sørvest for Brabant Island, sørvest i gruppa. Île Anvers vart oppdaga av John Biscoe i 1832 og namngjeven i 1898 av Belgica-ekspedisjonen under Adrien de Gerlache etter provinsen Antwerpen i Belgia.

Palmer Station[endre | endre wikiteksten]

Palmer Station på Île Anvers iligg ved 64°46′S 64°3′W og er den einaste amerikanske stasjonen i Antarktis som ligg nord for Den antarktiske polarsirkelen. Han stod ferdig i 1968. Kring 50 personar kan opphalde seg på Palmer Station samstundes. Stasjonen er kalla opp etter Nathaniel B. Palmer, som truleg var ein av dei første tre personane som såg Antarktis. Det ligg eit vitskapleg laboratorium, samt ein kai.

Den tidlegare stasjonen til British Antarctic Survey[endre | endre wikiteksten]

På Île Anvers bygde og opererte British Antarctic Survey ein stasjon (Base N) for å drive landmåling og studere geologi.[1] Stasjonen til British Antarctic Survey bestod av ei hytte og var busett frå 27. februar 1955 til 10. januar 1958. I 1958 vart stasjonen lag ned sidan arbeidet var fullført. Hytta på stasjonen vart lånt bort til amerikanske styresmakter den 2. juli 1963, som vart omgjort til eit biologisk laboratorium i januar 1965 som dei amerikanske forskarane frå Palmer Station nytta. Stasjonen til British Antarctic Survey var open for å ta i mot flytrafikk frå 1969 til 1971, men vart øydelagd av brann den 28. desember 1971, medan det vart renovert av British Antarctic Survey. Skrotet vart fjerna av medlemmar av US Antarctic Program i 1990/1991, og berre betongfundamentet står att i dag.

Ein skiveg var i bruk frå 1969 til 1973. Flyoperasjonane vart overførte til Adelaide (Station T) i 1973 då skivegen ikkje vart vedlikehalde. Skivegen var stundom i bruk fram til november 1993.

Grunnstøyting[endre | endre wikiteksten]

Den 11. februar 1972 gjekk MS «Explorer» på grunn nær La Plaza Point i Antarktis. Ho vart taua til Buenos Aires i Argentina og så til Kristiansand i Noreg for reparasjonar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]