Den antarktiske polarsirkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Antarktis med Den antarktiske polarsirkelen i blått.

Den antarktiske polarsirkelen er ein av fem store breiddegradssirklar som markerer kart på jorda. Han er i dag breiddegraden som går 66° 33′ 44″ (eller 66.5622)[1] sør for Equator.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Området sør for Den antarktiske polarsirkelen er kjend som Antarktis og sonen like i nord vert kalla den sørlege tempererte sonen. Den tilsvarande breiddegradslinja i nord er Den nordlege polarsirkelen.

Alle stader sør for Den antarktiske polarsirkelen opplever ein periode med midnattssol minst ein gong i året, og ein periode med mørketid. Dette skjer fordi jordaksen heller kring 23,5 grader relativt til ekliptikken (planet som jorda følgjer i bane kring jorda). Ved sørleg vintersolkverv, heller den sørlege halvkula mest bort frå sola og område med mørketid har nådd den nordlege grensa si. Når midnattssola når heilt til polarsirkelen heller den sørlege halvkula maksimalt mot sola.

I røynda er det fleire andre faktorar som påverkar korleis ein oppfattar dag og natt. Dei viktigaste er atmosfærisk refraksjon, høgda til observatøren over havet, luftspeglingar og det at sola er ei kule og ikkje eit punkt. Luftspeglingane i Antarktis har ein tendens til å bli meir spektakulære enn dei i Arktis, til dømes ved tilsynelatande solnedgang og soloppgang når sola i røynda er bak horisonten.

På grunn av gradvise endringar i hellinga til jordaksen, flyttar Den antarktiske polarsirkelen seg sakte.

Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]

Antarktis dannar ei landmasse som dekkjer mykje av området innanfor Den antarktiske polarsirkelen. Det finst ingen permanente busetnader på jorda sør for Den antarktiske polarsirkelen. Fleire forskingsbasar husar likevel forskarar som forskar i Antarktis. I tidlegare tider vart det òg oppretta delvis permanente kvalstasjonar og somme kvalfangarar kunne då bu her i meir enn eitt år. Minst tre born er fødde i Antarktis, men då på stasjonar nord for Den antarktiske polarsirkelen.


Frå nullmeridianen og austover, går Den antarktiske polarsirkelen gjennom:

Koordinatar Land, territorium eller hav Merknad
66°34′S 0°0′E Sørishavet nord for Dronning Maud Land og Enderby Land
66°34′S 50°32′E AntarktisEnderby Land Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 57°19′E Sørishavet nord for Ameryisen
66°34′S 82°6′E Antarktis Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 89°14′E Sørishavet
66°34′S 91°29′E Antarktis Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 92°21′E Sørishavet
66°34′S 93°52′E Antarktis Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 107°45′E Sørishavet Vincennes Bay
66°34′S 110°12′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 116°35′E Sørishavet
66°34′S 121°31′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 127°9′E Sørishavet
66°34′S 129°38′E AntarktisWilkes Land Området gjort krav på av Flag of Australia.svg Australia
66°34′S 136°0′E AntarktisAdélie Land Området gjort krav på av Flag of France.svg Frankrike
66°34′S 138°56′E Sørishavet
66°34′S 162°44′E BallenyøyaneBorradaile Island Området gjort krav på av Flag of New Zealand.svg New Zealand
66°34′S 162°45′E Sørishavet Passerer like nord for Adelaide Island (gjort krav på av Flag of Argentina.svg Argentina, Flag of Chile.svg Chile og Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia)
66°34′S 65°44′W AntarktisDen antarktiske halvøya i Graham Land og Larsenisen Området gjort krav på av Flag of Argentina.svg Argentina, Flag of Chile.svg Chile og Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia)
66°34′S 60°21′W Sørishavet Går gjennom Weddellhavet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. obliquity av ecliptic (Eps Mean)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]