Ørkengaupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørkengaupe

Status i verda: LC Livskraftig[1]

Caracal001.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Felidae
Underfamilie: Felinae
Slekt: Caracal
Underartar
  • C. c. algira
  • C. c. caracal
  • C. c. damarensis
  • C. c. limpopoensis
  • C. c. lucani
  • C. c. michaelis
  • C. c. nubicus
  • C. c. poecilictis
  • C. c. schmitzi
Vitskapleg namn
Caracal caracal

Ørkengaupe eller karakal (Caracal caracal) er eit mellomstort kattedyr i Caracal-slekta. Han er nært i slekt med afrikagullkatt og serval. Karakalen lever i tørt og halvtørt klima på stepper og i ørken i store delar av Afrika, Midtausten og vestlege delar av Asia. Ordet «karakal» kjem gjennom fransk frå tyrkisk kara kulak som tyder 'svart øyre'.

Ørkengaupe i Serengeti.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ørkengaupe i National Zoo i Washington.

Ørkengaupe minnar om gaupe, men er slankare og har lengre bein og øyre. Pelsen er einsfarga raudbrun til gulgrå. Augo er gulbrune med rund pupill. Kroppslengda er 55–57 cm med ein hale på 22 cm. Skulderhøgda er 40–45 cm og vekta 16–23 kg. Gaupa lever av små pattedyr, fuglar og kalvar av hjortedyr. Ho er mest aktiv ved skumring og demring, men kan også jakta om dagen og natta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørkengaupe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]