Ørnefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aplodinotus grunniens
ein amerikansk ferskvassart
Øyresteinar frå Argyrosomus regius

Ørnefiskar er ein stor fiskefamilie som lever over heile verda. Dei fleste artane lever i tropiske og subtropiske hav, men nokre arter finst i ferskvatn. På mange språk vert dei kalla trommefiskar på grunn av at dei kan lage ein høg, brummande lyd med symjeblæra. Eit anna kjenneteikn på familien er dei uvanleg store øyresteinane, som gjer at ørnefiskane kan høyre artsfrendar på lang avstand.

I Noreg og Nord-Europa er det berre arten ørnefisk (Argyrosomus regius) som er funne. Dette er ein stor fisk (opptil 2 m og 65 kg), som lever pelagisk ved kysten og i brakkvatn. I våre farvatn er han berre ein sjeldan gjest. Normalt lever han i Atlanterhavet frå Kanalen til Kongo, i Middelhavet og det sørvestlege Svartehavet. Han har òg spreidd seg til Suezbukta gjennom Suezkanalen.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørnefiskar

Kjelder [endre]

Palme Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene.