Šar Planina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Šar Planina
Šar Planina
Šar Planina
Høgd over havet 2 540 moh
Ligg i/på Republikken Makedonia, Kosovo
Koordinatar 42°00′N 20°44′EKoordinatar: 42°00′N 20°44′E

Šar Planina (albansk; Malet e Sharrit , makedonsk; Шар Планина) er eit fjell i Republikken Makedonia og Kosovo. Fjellet er om lag 80 km langt og 10-20 km breitt. Det har fleire høge toppar:

  • Titov Vrv (2 747 m), den høgaste toppen
  • Turtsin (2 702 m)
  • Borislave (2 662 m)
  • Rudoka (2 610 m)
  • Ljuboten (2 498 m)
  • Piribeg

Šar strekkjer seg til Korab (2 764 m) i sørvest og vidare nordaustover til Albania.

Av vegetasjon på fjellet finn ein avlingar opp til kring 1 000 meter, skog opp til 1 700 meter og over dette fjellenger som dekkjer rundt 550 km². Šar Planina er det største kompakte området i Europa med slike enger.

Šar nasjonaplark er eit område i Kosovo og dekker 380 km² på nordsida av Šar. Nasjonaparken vernar mellom anna om den endemiske makedonske furua og kvitbarka furu, i tillegg til alperose. Av dyreliv finn ein gaupe, bjørn, gemse, ulv, rådyr, villsvin og andre artar.

Nasjonalparken inneheld mange elvar som renn gjennom komunane Štrptse, Theranda, Kaqanik og Prizren, Jegunovtse, Teartse, Dzeptsiste, Tetovo og Gostivar (i Republikken Makedonia).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]