Aaron Copland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aaron Copland

Aaron Copland (14. november 19002. desember 1990) var ein amerikansk komponist.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Copland blei fødd og voks opp i romma over foreldra sin butikk i Brooklyn, New York. Før faren emigrerte til USA hadde han mens han var i England anglifisert namnet frå Kaplan til Copland. Faren var opphavleg frå Litauen og hadde jødisk bakgrunn.

Copland fekk aldri noka oppmuntring heimanfrå i musikalsk retning, men då han var femten hadde han bestemt seg for å bli komponist. Han fekk timar hos Leopold Wolfsohn, Rubin Goldmark som òg hadde undervist George Gershwin og Nadia Boulanger ved det amerikanske konservatoriet ved Fontainebleau School of Music i Paris i åra frå 1921 til 1924. Han fekk Guggenheim-stipend både i 1925 og 1926.

Copland støtta den amerikanske kommunistpartiet (Communist Party of the United States of America-CPUSA) og kandidaten deira Earl Browder ved presidentvalet i 1936 (som Franklin D. Roosevelt vann suverent). Men støtta hans til det kommunistiske partiet førte til at han blei etterforska av FBI under McCarthyismen1950-talet og blei som mange andre i den amerikanske underhaldningsindustrien svartelista. Under innviinga av Eisenhower som president i 1953, var det planlagt at Coplands komposisjon A Lincoln Portrait skulle spelast, men dette blei stroke av programmet. Seinare same år blei Copland innkalla til høyring i Kongressen der han vitna på at han aldri hadde vore kommunist. Sjokkert over skuldingane, heldt mange i det amerikanske musikkmiljøet fram Copland sin musikk som eit døme på amerikansk patriotisk musikk, særleg komposisjonane hans under andre verdskrig. Høyringane stansa i 1955 og skuldingane mot Copland kunne aldri bevisast.

Copland hadde stor påverknad på vennen Leonard Bernstein sitt verke som dirigent, og Bernstein er omtykt som ein av dei beste dirigentane av Copland sin musikk. Den britiske progrockgruppa Emerson, Lake & Palmer hadde stor suksess med innspeling av to av Copland sine stykke: Fanfare for the Common Man og Hoe-Down.

Ved sida av å komponere arbeidde Copland òg som lærar og forelesar, og han skreiv ei rekkje bøker og artiklar og han arbeidde som dirigent, i hovudsak for eigen musikk. Han hadde ei rekkje studentar som seinare har blitt kjende komponistar, blant dei Knut Nystedt og finnen Einojuhani Rautavaara. I åra 1940-1965 leia han komposisjonsavdelinga ved Tanglewood.

Copland døydde av respirasjonssvikt på Phelps Memorial Hospital i New York.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Copland sin musikk kan seiast å vere i balanse mellom såkalla moderne musikk og amerikansk folkemusikk, med opne og langsamt skiftande harmoniar. Musikken kan tolkast som ei framstilling av det opne, vidstrakte amerikanske landskapet. Orkestreringa bruker slagverk, polyrytme, taktskifte og fleirstemte akkordar.

Han har komponert ballettar, konsertar for piano, ein konsert for klarinett bestilt av Benny Goodman og filmmusikk. Av dei mest kjende verka er Appalachian Spring og Fanfare for the Common Man, begge komponert under andre verdskrigen, og den siste som ein hyllest til den felles, nasjonale innsatsen. I 1945 vann han Pulitzerprisen i musikk for balletten Appalachian Spring.

Liste av komposisjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Fire motetter (1921)
  • Symphony for Organ and Orchestra (1924)
  • Grohg (1922-25) balett (inspirert av filmen Nosferatu)
  • Music for the Theater (1925)
  • Dance Symphony (1925)
  • Music for the Theatre (1925)
  • Pianokonsert (1926)
  • Symphonic Ode (1927-29)
  • Pianovariationer (1930)
  • Short Symphony (1932-33)
  • Statements for orchestra (1932-35)
  • El Salón México (1933-36)
  • The Second Hurricane (1936) opera
  • Billy the Kid (1938) ballett
  • Quiet City (1940)
  • Pianosonat (1941)
  • Lincoln Portrait (1942)
  • Fanfare for the Common Man (1942)
  • Rodeo (1942) ballett
  • Danzon Cubano (1942)
  • Music for the Movies (1942)
  • Violinsonat (1943)
  • Appalachian Spring (1943-44) ballett
  • Symfoni nr 3 (1944-46)
  • In the Beginning (1947)
  • The Red Pony (1948)
  • Klarinettkonsert (bestilt av Benny Goodman) (1947-48)
  • Twelve Poems of Emily Dickinson (1950)
  • Pianokvartett (1950)
  • Old American Songs (1952)
  • The Tender Land (1954) opera
  • Canticle of Freedom (1955)
  • Orchestral Variations (1957)
  • Piano Fantasy (1955-57)
  • Dance Panels (1959) ballett
  • Connotations For Orchestra (1961-62)
  • Music for a Great City (1964)
  • Inscape (1967)
  • Duo for fløyte og piano (1971)
  • Three Latin American Sketches (1972)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]