Dionysos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne statue av guden som symbol for kinesisk Qingdao-øl.

Dionysos var ein opphavleg thrakisk gud for vin og grøde som sidan påverka gresk og romersk gudelære og den europeiske kulturen som tok opp att arva etter Renessansen. Guden stod for det ville og sanselege i mennesket, og var assosiert med galskap, men han stod òg for sivilisasjon og fred. I gresk kultur fekk han òg ei viktig rolle ovanfor teateret.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Dionysos med thyrsus i handa leiar horaene, årstidene. Romersk kopi av gresk neo-attisk relieff.

Dionysos kan ha kome frå den thrakiske guden Sabazios. Han blei innlemma i den greske gudeverda, og kanskje slått saman med ein mindre gresk gud. Seinare kom han med i den romerske mytologien som Bacchus, med slektskap til den italiske guden Liber. Dyrkinga av guden kan ha erstatta den av jordbruksgudinna Demeter.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Guden er knytt til tre typar skapningar som var halvt dyr og halvt menneske: kentaurar, satyrar og silenar. Symbola hans er fiken, vinranke og den ville slektningen til vinplanten, giftig eføy. Både Dionysos og dei som følgde han hadde gjerne ein thyrsus, ein stav dekt av eføy med ein furukongle på toppen.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Gresk teater blei utvikla frå Dionysos-tilbedingar der ein framførte såkalla dithyrambos, alvorlege forteljande songar sunge til hans ære.

Los Borrachos ('Bakkusfest') måla av Diego Velázquez.

Den mest kjende forma av Dionysosdyrking er likevel orgiane, som blei kalla bakkanaler av romarane. Tilbedarane slapp seg heilt laus, dansa ville dansar og rusa seg, for å oppnå ekstase. Dei skal òg ha utført vald mot seg sjølv og andre, og hatt vill sex. Kvinnene som dyrka Dionysos blei kalla menader, bakkanter i romersk tradisjon, og kunne vera farlege å koma ut for.

På grunn av villskapen, og rykter om at ein planla brotsverk og politiske samansverjingar på desse festane, blei dei i hovudsak forbodne av det romerske senatet i 186 f. Kr. Bakkanalane blei likevel feira i lang tid etterpå.

Myter om Dionysos[endre | endre wikiteksten]

I den greske gudelæra var Dionysos son til Zevs, og vart fødd frå låret hans. Mor hans var Semele, som døydde oppslukt av Zevs sin flamme, eller Persefone. Etter at mora døydde redda Zevs det ufødde barnet og sydde det inn i låret sitt. I ein annan versjon sender sjalu Hera titanar som et opp barnet etter at det er fødd, men hjartet er igjen. Zevs gjev dette til Semele, og ho føder sonen opp at att. Slik blei Dionysos ein gud som var fødd to gonger, og for dette blei han dyrka av mysteriekultar.

Etter at det var fødd blei barnet plassert hos Agave og Ino, men sjalu Hera oppspora dei og gjorde alle, bortsett frå guten, galne. Dionysos drog til fjellet Nysa (Pangéo) der han voks opp saman med ein flokk nymfer. I ein annan versjon kjem han til nymfene først, men blir sjølv galen.

Som ung mann drog Dionysos så til Asia, der han blei dyrka som ein viktig gud. Dette stemmer med at han opphavleg var ein viktig asiatisk gud. Då han kom tilbake til grekarane var mange imot denne nye guden på grunn av villskapen hans.

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Det var Dionysos som oppfylte ønsket til kong Midas om at alt han rørte skulle bli til gull

Motstykke[endre | endre wikiteksten]

Apollon blei rekna som motstykket til Dionysos. Medan vinguden stod for den mørke og ukontrollerte ekstasen, stod Apollon for harmoni og måtehald.

I verket sitt Die Geburt der Tragödie (Tragediens fødsel) definerte Nietzsche omgrepet dionysisk som det kollektive, kjensler og ekstase, medan appolinsk stod for det individuelle, fornuft og kontroll. Desse omgrepa skildra grunnleggjande, motsette eigenskapar menneska hadde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dionysos