Albert Speer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Speer.

Berthold Konrad Hermann Albert Speer (19. mars 19051. september 1981) var tysk arkitekt, forfattar og framståande nazi-politikar i Det tredje riket. Speer var mellom anna rustningsminister i Hitler si regjering, og var ein av dei som stod nærmast Hitler privat.

Arkitekten[endre | endre wikiteksten]

Speer og Hitler studerer arkitektteikningar.

Speer var fødd i ein velståande familie i Mannheim i Tyskland. Han utdanna seg som arkitekt og melde seg inn i det nazistiske partiet i 1931, etter å ha høyrt Hitler tale. Han fekk deretter ein del ombyggingsoppdrag for NSDAP, og var den som hadde idéen om å bruke sterke luftvernlys for å skape imponerande lyseffektar under nazi-partiet sine store utandørs kveldsmøte. Etter maktovertakinga i 1933 vart Speer engasjert som arkitekt for Hitler etter å vist han eit teikningsutkast av ei partimøte-tribune. I 1934 fekk han nemninga «Førarens arkitekt». Den nære kontakten med Hitler personleg gjorde at han fekk ansvaret for partimøteanlegga i Nürnberg og at han vart utnemnd til «Generalbygginspektør for rikshovudstaden Berlin (Germania)». Saman med Hitler skulle han skape såkalla Germania prega av gigantiske praktbygningar. Ein planlagd kuppelbygning ville framleis ha vore verdas største bygning, dersom planane hadde vorte realiserte. Prosjektet hadde likevel ført med seg eit massivt rivingsarbeid, og Speer stod sentralt i tiltaka for å deportere jødar for å skaffe heimlause tyskarar nytt husly.

Ein kvilande rustningsminister Speer i 1942 eller 1943.
Zeppelinhaupttribüne med ein «lyskatedral» i det nazistiske paradeområdet Reichsparteitagsgelände utanfor Nüremberg. Speer rekna dette som sitt finaste verk.

Rustingsminister[endre | endre wikiteksten]

Etter utbrotet av andre verdskrigen 1. september 1939 vart Speer meir involvert i den politiske styringa av Det tredje riket. I 1941 kom han inn i den tyske riksdagen. Etter rustningsminister Fritz Todts døydde i ei flyulykke i 1942, vart Speer utnemnd til hans etterfylgjar. Denne posisjonen var viktig, for dei neste åra opplevde krigsindustrien i Tyskland ein dramatisk produksjonsvekst som nådde toppen så seint som 1944. Det vert hevda at Speers organisasjonstalent og iherdige arbeidsinnsats, omsynslause utnytting av tvangsarbeidarar og tiltak i krigsindustrien var med på å forlenge Den andre verdskrigen med om lag eitt år. Ved krigsslutten saboterte derimot Speer langt på veg Hitler sin ordre om å øydeleggje det som var att av tysk infrastruktur, og han hevda sjølv at han hadde planar om å drepe Hitler.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Under Nürnberg-prosessen vart Speer dømd til 20 års fengsel for sin bruk av slavearbeidarar i krigsindustrien. Under rettssaka uttrykte han anger over å ha høyrt til leiinga i Det tredje riket, og han tok avstand frå brotsverka til regimet, samtidig som han nekta for å ha hatt kjennskap til dei. Denne framferda i lag med eit sjarmerande og tillitvekkjande vesen, var med på å gjere at han vart dømd mildare enn det han elles ville ha risikert. Den sovjetiske dommaren røysta likevel for å dømme han til døden. Det kan i denne samanhengen visast til at den næraste underordna til Speer, Fritz Sauckel, fekk dødsdom.

Speer vart overførd til Spandau-fengslet i 1947 for å sone dommen. Trass ein lovnad om å vise skuldkjensle ved å avstå frå å søkje nåde, fekk han seinare starta ein kampanje for å verte lauslaten tidlegare. Denne kampanjen mislukkast, og han vart fyrst lauslaten midnatt 1. oktober 1966, på dagen 20 år etter fengselsdommen.

Lite av det Speer utforma står att, og dei fleste bygningane hans kan berre sjåast på planar og fotografi. Einaste som står att etter han i Berlin er ei rekkje lyktestolpar langs Strasse des 17. Juni. Marmor frå Speer-bygget Rikskanselliet, som var blitt øydelagd i bombeåtak, blei brukt til å laga eit sovjetisk krigsminnemeke.

Etter soninga[endre | endre wikiteksten]

Då Speer hadde vorte lauslauten, vurderte han å vende attende til arkitektbransjen, men han kom fram til at han ikkje var fagleg oppdatert. Speer forstod dessutan at han ville verte assosiert med dei store byggjeprosjekta frå Det tredje riket, og at det ville verte vanskeleg å framstå som ein truverdig moderne arkitekt. I staden la han vekt på å vere innsidevitne frå Det tredje riket. At han offentleg tok avstand frå nazitida, gjorde at han for mange tyskarar framstod som eit slags moralsk alibi. Speer vart illustrasjonen på førestillinga om at dei mange som hadde fylgt Hitler, ikkje sjølve hadde skuld i brotsverka til regimet, men var offer for ein folkeforførar. Speer vart ein etterspurd mann for massemedium. og skreiv sjølv tre bøker med tema frå fortida si. Speer døydde brått i 1981 under eit kort opphald i London, der han same dagen hadde vorte intervjua av BBC.

Omstridd[endre | endre wikiteksten]

Speers bilete som den uskuldige, velmeinande idealisten byrja å slå sprekkar alt året etter dødsfallet då den tyske historieforskaren Matthias Schmidt gav ut ei bok der han dokumenterte at Speer utgjorde ei av dei drivande kreftene bak utnyttinga av «mindreverdige» slavearbeidarar i den tyske krigsindustrien. Samtidig viser Schmidts bok at Speer, stikk i strid med sine eigne påstandar, hadde god innsikt i tilhøva i og omkring tyske konsentrasjonsleirar, og at han fleire gonger skulda SS for ikkje å gå hardt nok fram overfor dei innsette. Speer hadde brukt sitt siste leveår på å prøve å hindre at denne informasjonen vart kjend offentleg. Samtidig er det framleis uvisst om Speer kjende til jødeutryddingane.

I 1971 vitja Speer Noreg. Det medførte debatt då det vart kjent, rett nok etter at Speer hadde reist frå landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Speer