Albi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albi
Pont Vieux i Albi
Pont Vieux i Albi
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Tarn
Geografi
Flatevidd
 - By

44,26 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

51 199
  1 046/km²
Koordinatar 43°55′44″N 02°08′47″EKoordinatar: 43°55′44″N 02°08′47″E
Høgd over havet 169 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-albi.fr
Plassering
Albi dot.png

Albi er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Tarn, og ligg ved elva Tarn 80 km nordaust for Toulouse. Innbyggjarane vert kalla Albigeois eller Albigeoises(s). Byen har i dag i underkant av 50 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja Sainte-Cécile
Inngangen til Musée Toulouse-Lautrec i Palais de la Berbie.

Dei første busetnadane i området er frå bronsealderen.

Etter at romarane erobra Gallia i 51 fvt. var byen kalla Civitas Albigensium, området til Albigeois. Arkeologiske utgravingar har ikkje funne spor etter romerske bygningar, noko som tyder på at Albi var ein liten romersk busetnad.

I 1040 vart Albi utvida med brua Pont Vieux (Den gamle brua). Nye bustadar vart bygd og byen voks. På grunn av handel voks byen seg rik på denne tida, og kravde òg inn skattar for å nytte brua.

I 1208 slo paven og den franske kongen seg saman for å kjempe mot katarane, som hadde utvikla si eiga utgåva av kristendomen (noko som var kjettersk for det dominerande katolske samfunnet). Undertrykkinga var alvorleg og mange vart brend på stake gjennom heile regionen. Området som til då hadde vore så godt som sjølvstendig vart no redusert til ein stat, slik at det kunne verte annektert av den franske krona.

Etter krosstoget mot katarane var ferdig gjorde biskop Bernard de Castanet på 1200-talet ferdig arbeidet på Palais de la Berbie, eit biskoppalass som såg ut som ei festning, og gav ordre om å byggje ei imponerande domkyrkje, som fekk namnet Sainte-Cécile, i 1282

Frå 1450 til 1560 gjorde byen seg igjen rik på handel, hovudsaleg på grunn av dyrking av «Isatis Tinctoria», vanlegvis kalla vaid, ei plante som vart nytta til å blåfarge ullgarn og ulltøy med. Dei flotte husa frå renessansen viser dei store rikdomane kjøpmenna førte til byen.

Musée Toulouse-Lautrec[endre | endre wikiteksten]

I Albi finst Musée Toulouse-Lautrec, som er det viktigaste museet for verka av den vidgjetne kunstmålaren Henri de Toulouse-Lautrec. Museet har tilhald i den gamle bustaden til biskopane i Albi, Palais de la Berbie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albi