Elva Tarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tarn
Gorges du Tarn.
Gorges du Tarn.
Utspring Cevennane
- Høgd 1 550 m
Munning Garonne
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 375 km
Middelvassføring 200 m³/s
Nedslagsfelt 15 700 km²
Utsyn over Gorges du Tarn

Tarn (tarnislatinsk tyder «rask» eller «innmurt») er ei 375 km lang elv sør i Frankrike (regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées) og ei av sideelvane til Garonne frå høgre.

Tarn renn hovudsakleg vestover, og har sitt utspring i ei høgd på 1 550 meter over havet ved Mont Lozère i Cevennane (del av Massif Central). Ho renn mellom anna gjennom ei djup og lang kløft kalla Gorges du Tarn til Moissac i Tarn-et-Garonne, der ho munnar ut i Garonne 4 km nedanfor sentrum av byen.

Ho har eit tilsigsområde på om lag 12 000 km², og ei middelvassføring på om lag 140  per sekund.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største sideelvane til Tarn er Tarnon, Dourbie, Agout og Aveyron.

Department og byar[endre | endre wikiteksten]

Tarn renn gjennom følgjande departement og byar:

Viaduc de Millau, den høgaste brua i verda, langs motorvegen A75 kryssar Tarnkløfta nær Millau. Ho opna i desember 2004.

Tarn er, i lag med Donau, kjend for å ha skapt nokre av dei største flaumane i Europa. Den mest vidkjende skjedde i mars 1930, då Tarn steig med meir enn 17 meter over normalt vassnivå i Montauban på berre 24 timar, og fekk ei vassføring på 7 000 m³/s (middelvassføringa i Rhinen er 2 200 m³/s, i Nilen var middelvassføringa under den årlege flaumen 8 500 m³/s før Aswandemningen vart bygd og i Mississippielva 16 200 m³/s). Ein tredjedel av departementet Tarn-et-Garonne vart råka og om lag 300 menneske mista livet. Tusenvis av hus vart øydelagd, dei lågare distrikta i Montauban vart øydelagd, og nesten heile byen Moissac forsvann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Tarn

Kjelde[endre | endre wikiteksten]