Alessandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alessandria
Gate i Alessandria under Festa di Borgo Rovereto
Gate i Alessandria under Festa di Borgo Rovereto
Byvåpenet til Alessandria
Byvåpenet til Alessandria


Plassering
Alessandria is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Alessandria
Grunnlagd 1168
Geografi
Flatevidd
 - By

204 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

91 593
  502/km²
Koordinatar 44°55′0″N 8°37′0″EKoordinatar: 44°55′0″N 8°37′0″E
Høgd over havet 95 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 15100
Telefon-retningsnummer 0131
Nettstad: www.comune.alessandria.it

Alessandria (piemontesisk Lissandria) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Alessandria i regionen Piemonte og har om lag 90 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Tanaro, om lag 90 km søraust for Torino.

Alessandria er eit stort knutepunkt for jernbanelinjer i området. Forfattaren og filosofen Umberto Eco vart fødd i Alessandria i 1932.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alessandria vart grunnlagd i 1168 som ein tilfluktsstad for Det lombardiske forbundet, som forsvarte fridomen til mellomalderkommunane i Nord-Italia mot Det tysk-romerske riket sine styrkar under Fredrik Barbarossa. Alessandria låg i området til markien Monferrato, ein trufast alliert til keisaren, og han var truleg kalla opp etter pave Alexander III som var hovudfienden til keisaren. I 1174–75 la keisaren ei omleiring på byen, men byen stod imot. Ei segn fortel at det var ein bonde kalla Gagliaudo som redda byen. Han gav kua si dei siste restane av korn som var igjen i byen og tok ho med seg ut til keisaren sin leir. Her vart han fanga og kua vart slakta slik at dei kunne ete ho. Då fann dei ut at magen til kua vart fylt med korn og dei spurte Gagliaudo om kvifor han kasta bort så verdifult kost på kua. Han svarte at det var fordi det var så mykje korn i byen at det ikkje var plass nok til å lagre det og at han derfor vart tvunge til å mate kua med korn. Keisaren frykta dermed at omleiringa kunne ta særs lang tid og forlet staden med styrkane sine. Malaria var truleg den eigentlege årsaka til at han drog. I dag står ein statue av Gagliaudo ved domkyrkja i byen. Alessandria fekk rettar som fri kommune i 1198, men kom i konflikt med eldre kommunar i området, særleg Asti.

I 1348 fall Alessandria til Visconti-familien og seinare vidare til familien Sforza. Byen følgde stort sett same historie som Milano, der familiane hadde hovudkvarter, fram til 1707 då han vart avstått til Huset Savoie og så danna ein del av Piemonte.

Etter at Napoleon sigra i slaget ved Marengo i 1800 kom byen inn under Frankrike og vart hovudstad i departementet Marengo. I denne perioden vart det bygd eit fort på nordsida av byen, som framleis vert nytta som militært hovudkvarter og lagerplass. Frå 1814 gjekk Alessandria tilbake til Savoie som ein del av Kongedømet Sardinia.

Under åra med Risorgimento var Alessandria eit aktivt senter for dei liberale partane.

Alessandria var den første hovudstaden i ein italiensk provins som vart styrt av ein sosialist. Urmakaraen Paolo Sacco vart vald til sindaco i juli 1899.

På grunn av jernbaneknutepunktet i Alessandria vart han utsett for kraftige bombeåtak under den andre verdskrigen. Det mest alvorlege åtaket fann stad 30. april 1944 der 238 vart drepne og fleire hundre skada. 5. april 1945 kom eit nytt åtak der 160 mista livet, mellom anna 60 born på ein barneheim.

6. november 1994 førte Tanaro til storflaum i byen og skapte store øydeleggjingar, særleg i bydelen Orti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alessandria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]