Kongedømet Sardinia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnu de Sardigna
Kongedømet Sardinia

 

 

 

1164–1861
 

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Sardinia
Plasseringa til Sardinia
Kongedømet Sardinia i 1815
Hovudstad Torino (frå 1718)
Styreform Monarki
Konge
 - 1164-1165 Barisone II av Arborea
 - 1849-1861 Viktor Emmanuel II
Historie
 - Grunnlagd 1164
 - Samlinga av Italia 17. mars 1861
Kongedømet Sardinia i 1839: Fastlandet Piemonte, med Savoie øvst til venstre (rosa) og Nizza (Nice) nedst til venstre (brunt). Begge er no fransk. Sardinia er innfelt øvst til høgre.

Kongedømet Sardinia er eit tidlegare kongedøme i Italia i meir enn fem hundre år. Det var ofte kombinert med store område andre stader, som Korsika eller Savoie, men Sardinia var alltid namnet. Før det sardiske monarkiet vart oppretta var øya delt inn i fire giudicati styrt av giudices (domarar).

Det første kongedømet vart oppretta av Fredrik Barbarossa i 1164. Det var ein del av Det tysk-romerske riket, noko pavedømet sette seg imot. I 1297 oppretta pave Boniface VIII eit nytt kongedøme for Aragón.

I 1718 gjekk kongedømet til Huset Savoie og frå den tid vart hovudstaden flytta til Torino på fastlandet. Staten vart i denne perioden stundom uformelt kalla Kongedømet Piemonte-Sardinia. Geografisk omfatta kongedømet Savoie, Piemonte og Grevskapet Nice. I 1792, etter den franske revolusjonen, vart Hertugdømet Savoie okkupert og vart eit fransk departement kalla Mont-Blanc, men i 1814, etter Wienerkongressen, fekk Kongedømet Sardinia tilbake landområda sine og i 1815 fekk dei i tillegg Den liguriske republikken.

I 1860 vart Nice og Savoie avstått til Frankrike som betaling for fransk støtte i samlinga av Italia. I 1861 vart det nye kongedømet Italia oppretta og Kongedømet Sardinia opphøyrde.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tradisjonelle giudicati av Sardinia, som tidlegare hadde bestått av sjølvstendige stammeterritorium styrt av kvar sin «domar», vart kongedøme i 1297. Genova eller Republikken Pisa fekk herredømme over øya, då pave Bonifatius VIII som mekla mellom Huset Anjou og Aragon, oppretta eit «regnum Sarduniae et Corsicae» på papiret som skulle vere eit len for pavemakta. Paven tilbaud så det nye lenet sitt til den katalonske Jakob II av Aragon, konge av Aragon (ein føderasjon av kongerika Aragon og Valencia, i tillegg til grevskapet Katalonia), og lovde han paveleg støtte dersom han ønskte å erobre Pisa sitt Sardinia i byte mot Sicilia.

I 1323 danna Jakob II ein allianse med giudicen av Arborea. Etter eit felttog som varte rundt eitt år, okkuperte han Pisa sine område Cagliari og Gallura, samt byen Sassari, og hevda territoriet som «Kongedømet Sardinia og Korsika». I 1353 gjekk Aragon til krig mot Arborea og kjempa mot deira heltemodige leiar Eleanor av Arborea, men dei greidde ikkje å redusere den siste av urfolk-giudicene før i 1410.

Kongedømet Sardinia og Korsika heldt på sin eigenkarakter som ein del av Aragon og vart aldri riktig innlemma i Kongedømet Aragon. Då dei var i konflikt med Arborea lét Peter IV av Aragon kongedømet vere ein autonom nasjon. Kongedømet hadde Europa sine mest avanserte juridiske tradisjonar, og vart styrt av ein visekonge i kongen sitt namn.

I 1409 sigra Martin den yngre, konge av Sicilia og Aragon sin arving, over dei siste av dei sardiske giudicato. Men han døydde barnlaus av malaria i Cagliari, og då gjekk Kongedømmet Sardinia og Korsika saman med kongedømmet Aragon til eit samla Spania. Korsika, som aldri hadde vorte erobra, forsvann frå den formelle tittelen.

I 1720 vart kongedømet Sicilia bytta mot kongedømet Sardinia, og Huset Savoie fekk no kalle seg kongelege, som kongar av Sardinia. Sjølvø om namnet no var «Kongedømet Sardinia», var hovuddelen av Savoie sine område på 1700- og 1800-talet i Savoie og Piemonte i Nord-Italia, med hovudstad i Torino.

I 1743 vart kongedømet slått saman med Piemonte som Kongedømet Sardinia. Då Napoleon erobra kongedømet saman med resten av Nord-Italia i 1796, flykta kongen, Karl Emmanuel IV, til Sardinia.

Risorgimento[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Sardinia sitt flagg frå 1848; Det italienske flagget med Huset Savoie sitt våpen.

I 1814 vart kongedømet gjenoppretta og gjort større med tillegg frå den tidlegare republikken Genova som no var eit hertugdøme. Kongedømet fungerte som ein bufferstat mot Frankrike. På 1800-talet vart det alternative namnet Sardinia-Piemonte tatt i bruk. Etter Napoleon vart landet styrt av konservative monarkar: Viktor Emanuel I og Karl Felix, som kjempa fremst i ein kontingent av sine tropper i Slaget ved Trocadero, som sette den reaksjonære Ferdinand VII på den spanske trona.

I 1831 vart Karl Felix etterfølgd av den meir moderate, konservative Karl Albert. Sardinia vart industrialisert frå 1830. Konstitusjonen Statuto Albertino vart vedtatt i 1848-revolusjonen etter liberalt press. Det same presset førte til at det vart erklært krig mot Austerrike. I byrjinga av krigen hadde Sardinia framgang, men det gjekk verre etter kvart og til slutt tapte dei.

Som resten av Italia, var Sardinia plaga med politisk ustabilitet under skiftende regjeringar. Etter ein veldig kort og katastrofal andre krig mot Austerrike, abdiserte Karl Albert 23. mars 1849 til fordel for sonen Viktor Emmanuel II av Italia. I 1850 vart ei liberal regjering under Grev Camillo Benso di Cavour innsett, og Sardinia vart ei drivkraft i samlinga av Italia. Sardinia (Piemonte) deltok i Krimkrigen som alliert med Tyrkia, Storbritannia og Frankrike og kjempa saman med dei mot Russland. I 1859 vart Frankrike med Sardinia i ein krig mot Austerrike, men Napoleon III heldt ikkje lovnadane sine overfor Cavour og erobra Lombardia. Men Sardinia fekk likevel Lombardia frå Frankrike i byte mot Savoie og Nice.

5. mars 1860 hadde Parma, Toscana, Modena og Romagna ei folkeavstemming, som resulterte i at dei gjekk saman med Sardinia. Same år starta Giuseppe Garibaldi eit felttog i Sardinia sitt namn for å erobre Sør-Italia. Han velta raskt kongedømet Begge Siciliar, og marsjerte til Gaeta, der han trefte Viktor Emanuel. Cavour vart den som var mest nøgd med samlinga medan Garibaldi ønska å erobre Roma. Garibaldi var altfor revolusjonær for kongen og statsministeren. 17. mars 1861 vart kongedømet Italia proklamert, og dette enda Sardinia sitt separate kongedøme. Sardinia (og spesielt Piemonte) skulle vert dei mest dominerande og velståande regionane i Italia. Huset Savoie skulle regjere Italia fram til 1946, då republikken Italia vart proklamert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]