Asti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asti
Flagget til Asti
Flagget til Asti


Plassering
Asti is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Asti
Geografi
Flatevidd
 - By

151 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

75 793
  501/km²
Koordinatar 44°53′″N 8°12′″EKoordinatar: 44°53′″N 8°12′″E
Høgd over havet 123 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 14100
Telefon-retningsnummer 0141
Nettstad: www.comune.asti.it

Asti er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Asti i regionen Piemonte og har om lag 75 793 innbyggjarar. Han ligg på sletta til elva Tanaro, om lag 55 km aust for Torino.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken og tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Folk har budd i området rundt Asti sidan steinalderen. Før nederlaget til ligurarane for romarane i 174 fvt. dominerte dei området, og har truleg vore opphav til namnet på byen. Ast tyder «ås» på det gamle liguriske språket.

I 124 fvt. bygde romarane ein castrum, eller festning, som etter kvart voks opp til ein by kalla Hasta. I 89 fvt. fekk byen status som koloni og i 49 fvt. status som municipium. Asti vart ein viktig by i Augustan Regio IX sidan han låg ved Tanaro og langs vegen Via Fulvia, som gjekk mellom Derthona (Tortona) og Augusta Taurinorum (Torino).

Etter å ha klart å forsvare seg mot vestgotarane i 402 på grunn av dei massive bymurane, vart Hasta råka av ein invasjonsstorm frå barbarane i Nord-Italia etter Vestromarriket sitt fall. På andre halvdel av 500-talet vart han hovudstad i eit av dei 36 hertugdøma til langobardane i Italia. Området til Asti strekte seg frå Albenga og heilt til Dei maritime Alpane. Området vart verande uendra då frankarane erobra Nord-Italia i 774. Asti vart då sentrum i eit grevskap.

Seint i den karolingiske perioden vart Asti styrt direkte av biskopane i byen, som var dei største landeigarane i området. Dei viktigaste av desse var Audax (904-926) og Bruningus (937-966), som flytta bispesetet til Castel Vecchio («Gamal borg»), der det vart verande fram til 1409. Bispedømet Asti var ei viktig politisk makt godt ut på 1000-talet, då Pietro II fekk store privilegium av keisar Henrik II. På andre halvdel av 1000-talet prøvde biskop Otto å stå imot den mektige grevinna Adelaide av Susa, som øydela byen fleire gonger. Under Otto si regjeringstid vart kommunen og konsulmagistratane i byen nemnd for først gong (1095).

Lokal makt[endre | endre wikiteksten]

Asti var ein av dei første frie kommunane i Italia og i 1140 fekk dei rettane til å prege sine eigne myntar av Konrad II. Sidan kommunen hadde byrja å tære på landområda til biskopen og andre lokale landeigarar, søkte sistnemnde hjelp hos Fredrik Barbarossa som omleira byen i februar 1155. Etter ein kort periode vart Asti storma og brend. Asti vart då eit medlem av det lombardiske forbundet (1169) mot den tyske keisaren, men vart igjen slått i 1174. Trass i dette fekk byen fleire privilegium etter freden i Konstanz (1183).

1200-talet var Asti sin gullalder, med uro i berre korte periodar under krigar mot Alba, Alessandria, Savoie, Milano (som omleira byen i 1230) og markien av Montferrat og Saluzzo. Kommunen prøvde særleg å få kontroll over dei lukrative handelsrutene nordover frå dei liguriske hamnene. Under krigane til keisar Fredrik II i Nord-Italia, gjekk byen inn på hans side og Asti vart slått av guelfarane frå Alessandria ved Quattordio og Clamandrana. Med hjelp frå Genova kom byen seg derimot raskt att. Etter Fredrik døydde spissa kampen mot Thomas II av Savoie seg til og innbyggjarane slo han 23. februar 1255 ved Montebruno. Thomas svarte derimot med å fengsle alle handelsmenn frå Asti i Savoie og Frankrike.

Dette førte til at Karl I av Anjou, då konge av Napoli og den mektigaste mannen i Italia, greip inn. Etter nokre episodar med gerilljaliknande krigføring signerte Asti ein allianseavtale med Pavia, Genova og Vilhelm VII av Montferrat. I 1274 vart troppane til Asti slått ved Cossano, men 12. desember 1275 sigra dei over angevinane ved Roccavione, og gjorde slutt på Karl sitt forsøk på å utvide områda sine inn i Piemonte. I 1290-åra, etter nederlaget til Vilhelm VII, var Asti den mektigaste byen i Piemonte. Indre maktkampar om kontrollen over handelen og bankverksemnda delte snart byen i to grupper. Den mest framtredande av desse var dei mektige bankmennene i Solaro-familien som i 1314 gav byen til kong Robert av Napoli. Den frie republikken Asti eksisterte då ikkje lenger. I 1339 erobra ghibellinarar i eksil byen tilbake og kasta ut Solaro og hjelparane deira. I 1342 slo derimot Solaro tilbake igjen med hjelp frå Luchino Visconti av Milano. Visconti tok over styringa i byen og bygde ei festning og ein ny ring med bymurar for å verne dei nye delane av byen. I 1345 under slaget ved Gamenario slo ghibellinarane frå Asti og Johan II av Montferrat igjen dei napolitanske troppane. Johan styrte over Asti til 1372, men sju år seinare lét byrådet byen gå til Galeazzo II Visconti. Galeazzo gav han vidare til Ludvig av Valois hertug av Orléans.

Piazza Roma i Asti.

Byen under Frankrike og Savoie[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå korte periodar under Visconti, Montferrat og Sforza vart Asti verande under Valois sitt styre og seinare direkte under Frankrike. Situasjonen endra seg tidleg på 1500-talet under krigane mellom Karl V og Frans I av Frankrike. I 1526 vart han omleira av Karl sin condottiero Fabrizio Maramaldo utan resultat. Tre år seinare førte Cambrai-trakataten til at byen kom inn under den tyske keisaren, som igjen gav han til statthaldaren av Napoli, Charles de Lannoy. Etter sistnemnde døydde vart byen ein del av Beatrix av Portugal si medgift då ho gifta seg med Karl III av Savoie og Asti kom då under Savoie sitt styre.

Asti var ein av dei viktigaste skansane for Savoie i krigane som følgde. I 1616 vart han omleira av den spanske guvernøren i Milano og vart forsvart av hertug Karl Emmanuel I sjølv. I 1630–1631 vart byen hardt råka av ein pest og nokre år seinare erobra av spanjonale før han kom tilbake til Savoie i 1643. Ei anna mislukka spansk omleiring oppstod i 1650. I november 1703, under den spanske arvefølgjekrigen, kom Asti inn under Frankrike igjen, men vart gjenerobra av Victor Amadeus II i 1705. I 1745 invaderte franske troppar byen nok ein gong, men han vart frigjort året etter.

I 1797 gjorde innbyggjarane i Asti opprør mot Savoie-styret etter mange år med krig og dårlege økonomiske tilhøve. 28. juli vart Repubblica Astese oppretta, men han vart avsett berre to dagar seinare. Revolusjonsleiarane vart arrestert og avretta. Året etter vart Savoie kasta ut av Piemonte av Napoleon sin hær og Asti vart okkupert av general Montrichard. Etter ein kort periode i fridom kom franskmennene tilbake etter sigeren ved Marengo (1800) nær Alessandra. Napoleon sjølv vitja Asti 29. april 1805, men fekk ei heller kald mottaking av innbyggjarane og byen vart degradert og innlemma under Alessandra i departementet Marengo. Etter slutten av napoleonskrigane kom Asti tilbake til Piemonte i 1814. I 1861 vart byen ein del av Italia i lag med resten av Piemonte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]