Aljaksandr Hljeb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Аляксандр Глеб
Aljaksandr Hljeb
Hleb At Underhill Stadium.jpg
Personleg informasjon
Namn Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb
Fødselsdato 1. mai 1981
Fødestad Minsk i Sovjetunionen
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Spelar for Wolfsburg
Draktnummer 22
Ungdomsklubb
1987-98
1998-99
Kviterussland Dynama Minsk
Kviterussland BATE
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2000
2000-05
2005-08
2008-
2009-10
2010-11
2011-
Kviterussland BATE
Tyskland Stuttgart
Flag of England.svg Arsenal
Spania Barcelona
Tyskland Stuttgart (lån)
Flag of England.svg Birmingham (lån)
Tyskland Wolfsburg (lån)
10 (4)
137 (13)
89 (7)
19 (0)
27 (0)
19 (0)
0 (0)
Landslag**
2001- Kviterussland Kviterussland 55 (7)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 17. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 5. september 2010.

Aljaksandr Pawlavitsj Hljeb, kviterussisk Аляксандр Паўлавіч Глеб (fødd 1. mai 1981 i Minsk) er ein kviterussisk fotballspelar som i 2011/12-sesongen spelar for Wolfsburg i tysk Bundesliga på lån frå Barcelona, og for det kviterussiske landslaget.

Hljeb vart seriemeister i Kviterussland med BATE i 1999 og i Spania med Barcelona i 2009. Han var òg med på å vinna den europeiske Meisterligaen med Barcelona i 2009. Han har vorte kåra til årets kviterussiske fotballspelar seks gonger, i 2002, 2003, 2005, 2006, 2007 og 2008. Hljeb debuterte for Kviterussland sitt A-landslag i 2001 som innbytar i ein kamp mot Wales. Han skåra det første landslagsmålet sitt i april 2002 mot Ungarn. Han var landslagskaptein første gong 22. august 2007 i ein kamp mot Israel.

Bror hans, Vjatsjaslaw, er òg kviterussisk landslagsspelar i fotball.